Kort om arbeidsgiver
Plan for legetenesta i Herøy kommune, som nyleg er vedtatt, seier at kommunen skal ha 130 % sjukeheimslegeressurs fordelt på 2-3 stillingar. I august 2020 oppretta kommunen 100 % stilling for sjukeheimslege. Legeplanen styrker altså sjukeheimslegearbeidet.

Det er i dag vikar i sjukeheimslegestillinga. Vi søkjer etter 2-3 legar for å dekke 130 % stillingsressurs. Det er ønskjeleg at ein av legane har eit koordineringsansvar for sjukeheimslegetenesta, og ein stillingsressurs som kan ivareta dette, helst 80 - 100 %.

Kommunen har to omsorgssenter/sjukeheimar, eit på Eggesbønes og eit i Myrvåg. Desse har til saman 93 plassar, inkl. ØH-plassar i Myrvåg
Som sjukeheimslege har du ordinær arbeidstid med 37,5 t/v, men deler av stillinga vil vere fleksibel for å kunne gi tid til rådgjeving til sjukeheimane,  utanfor ordinær arbeidstid. 

Sjukeheimslegane er ein del av kommunen si samla legeteneste . Stillingane er organisatorisk forankra i seksjon for legetenester der kommuneoverlegen er seksjonsleiar, i samsvar med ny legeplan.

Det er eit godt samarbeid mellom sjukeheimslegane i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre

Plan for legetenesta finn du her: https://www.heroy.kommune.no/_f/p36/ib50c52c9-55f7-44ef-b5a6-be91c27db86a/legeplan-retta-versjon.pdf
Stillingskategori
Sykehjemslege
Arbeidsgiver
Herøy kommune Møre og Romsdal
Barn familie og helse
Kontaktperson
Navn: Runa Bakke
Tittel: Avd. leiar barn, familie og helse
Telefon: 91621147
E-post: runa.bakke@heroy.kommune.no
Arbeidssted
Eggesbøvegen 11
6090 FOSNAVÅG