Kort om arbeidsgiver

Vi søkjer legar som ønskjer ei indremedisinsk utdanning med moglegheit for spesialisering i Akutt- og mottaksmedisin.

Mottaksklinkken har 6 einingar, Utgreiingsmottak 1 og 2, Akuttmottak, Korttidspost, Diagnostisk senter og Akuttpost. Utgreiingsmottaket er eit tilbod til pasientar med behov for tverrfagleg utgreiing ved akutt sjukdom. I akuttmottak har Mottaksklinikken sine overlegar eit særskild ansvar for primærvurdering/triage, samt oppfølging av pasientar med høg hastegrad. Kortidsposten er ei observasjonseining for pasientar med avklarte problemstillingar og forventa kort liggjetid. Diagnostisk senter er ein poliklinikk med ansvar for eit diagnostisk pakkeforløp for pasientar med mistanke om alvorleg sjukdom/kreft med usikker organtilhøyrsle. Akuttposten er spesialisert på rusproblematikk, i tillegg har vi ei eining for forsking og utvikling.

Det var ca. 39 000 pasientar gjennom akuttmottak og nærare 14 000 ØH avdelingsopphald i sengeeiningane i løpet av 2020. Mottaksklinikken har overlege med bistilling ved UiB og det pågår for tida fleire store kliniske studiar. Motiverte søkjarar vil ha gode moglegheiter for å kunne delta i klinikken sin forskingsaktivitet.

Vi har ledig faste stillingar og fleire vikariat i 6 månader. 
Vikariat kan tene som del av spesialistutdanninga. 

For fast stilling gjeld følgjande:
Vi tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i akutt- og mottaksmedisin, og dei fleste læringsmål i LIS 2 for alle indremedisinske spesialitetar. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. For søkjarar med mindre klinisk erfaring vil tenesta initialt fokusere på LIS 2 mål for indremedisin, for meir erfarne søkjarar vil tenesta vere mer retta mot LIS 3 læringsmål i Akutt- og Mottaksmedisin med spissa teneste i Akuttmottaket. Det må påreknast rotasjon til andre avdelingar på sjukehuset for å nå læringsmål lengre ut spesialiseringa.

Arbeidsoppgåver

  • LIS-Legane som blir tilsett vil få oppgåver i alle klinikken sine einingar, inkludert teneste i Akuttmottak og vil arbeide tett saman med klinikken sine overlegar
  • LIS-legane vil også ha oppgåver i teama saman med helsepersonell med ulik bakgrunn og kompetanse
  • Det blir vakter i Mottaksklinikken og i tillegg kjem helge- og kveldsarbeid i dei ulike einingane i Mottaksklinikken

Kvalifikasjonar

  • Mottaksklinikken skal byggje opp tverrfagleg kompetanse og vi søkjer etter LIS-legar med ulik medisinskfagleg bakgrunn
  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS-stilling i akutt- og mottaksmedisin 
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
  • Forskingskompetanse er ein fordel
  • Det er ønskjeleg med eitt års erfaring frå relevant teneste i sjukehus

Personlege eigenskapar

  • Din motivasjon for å arbeide med akutt sjuke pasientar er veldig viktig
  • Vi søkjer deg som trivast når det er travelt, har pasienten i fokus og er opptatt av god logistikk og høg fagleg kvalitet i akuttkjeda
  • Du må like utgreiing og diagnostikk og du hentar fram det beste i deg når du jobbar i tverrfaglege team
  • Du har brei erfaring og godt klinisk blikk

Vi tilbyr

  • Ein unik moglegheit til utvikling av breddekompteanse gjennom utgreeiing av pasientar med samansette og uklare problemstillingar
  • Høgt fokus på forsking
  • Spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Bård Østnor
Tittel: Ass. Einingsleiar
Telefon: 55970308
E-post: bard.ostnor@helse-bergen.no
Navn: Anne Taule
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55978204
E-post: anne.taule@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Mottaksklinikken, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen