Kort om arbeidsgiver
I samband med at legesenteret i Sykkylven vert kommunalt frå 01.07.2021, søkjer vi etter ein dyktig spesialist innan allmennmedisin, som vil vere med å styrke legetenesta og helsetilbodet til innbyggarane.
Vi søkjer ein fastlege som vil bidra til å skape ein god og attraktiv arbeidsstad, med eit sterkt fagmiljø. Kommunen legger til rette for fleksibel driftsform: næringsdrivande eller kommunal tilsetting. Vikariat kan også bli aktuelt. Stillinga/heimelen har i utgangspunktet 1000 listepasientar.

Arbeidsstad
Legesenteret er lokalisert sentralt i Sykkylven. Senteret er godt utstyrt, har eige laboratorium og nyttar CGM Allmenn journalsystem.
Kommunen aukar fastlegekapasiteten med mål om 8 legestillingar samt LIS1 lege. Det er eit stabilt og kompetent hjelpepersonell ved legekontoret.

Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du sender elektronisk søknad.
Vi ønskjer at det vert oppgitt minst to referansar i søknaden. Attestar og vitnemål kan leggast ved søknaden, og må leggast fram ved evt intervju.

Arbeidsoppgåver
  • Arbeidsoppgåvene er knytt til fastlegepraksis ved legesenter med legevakt og evt. offentlege allmennmedisinske oppgåver.
  • Fra 01.07.21 startar Stranda og Sykkylven opp ei eiga interkommunal legevakt utanom kontortid.
Kvalifikasjonar
  • Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon
  • Fullført spesialistutdanning i allmennmedisin, men legar under spesialisering i allmennmedisin vil også verte vurderte
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
  • Vi søkjer tolmodige og empatiske fastlegar som har stor respekt for pasientane, og deira rettar og behov. 
  • Gode norskkunnskapar og gode munnlege og skriftlege kommunikasjons - og framstillingsevner 
  • Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid 
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
  • Gode lønnsvilkår
  • Høve til å bidra til å bygge opp eit sterkt fagmiljø og eit godt arbeidsmiljø 
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk:
    -Obligatorisk tenestepensjonsordning
    -Gunstige låneordningar
    -Gode forsikringsordningar 

    Når det gjeld næringsdrivande vil avtaleheimelen og tildelingsprosessen verte regulert av til kvar tid gjeldande lover, føresegner, avtaleverk og lokale avtalar (rammeavtalane ASA 4310 og ASA 44301, kommuneavtalen SFS 2305 og den individuelle avtalen som blir inngått med kommunen).
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Sykkylven kommune
Kontaktpersoner
Navn: Eli Otterlei
Tittel: kommunalsjef
Telefon: 932 01 413
E-post: eli.otterlei@sykkylven.kommune.no
Navn: Geir Ove Vegsund
Tittel: kommunedirektør
Telefon: 90938465
E-post: geir.ove.vegsund@sykkylven.kommune.no
Arbeidssted
Sykkylven legesenter
Haugneset 16
6230 SYKKYLVEN