Bø legesenter
Det er ledig 1 fastlegeheimel.
Heimelen har listetak på 1200. Listereduksjon kan vurderast etter gjeldande regelverk.
Legesenteret har innført e-resept og SMS timebestilling/time same dag.
 
Kort om stillinga
Det er ein ledig heimel som har listelengde på 1200 pasientar. Legane er sjølvstendig næringsdrivande, og du kan bli
pålagd kommunale oppgåver inntil 7,5 timar/veke etter nærare avtale. Vi er i dag sju fastlegar og ein turnuslege. Omlag
6900 pasientar har fastlege hos oss. Journalsystemet er Infodoc, og vi bruker ordninga "Time same dag".
Legevakt er lokalisert på Notodden interkommunale legevakt, og våre legar har vakter ved legevaktsentralen på
Notodden.
 
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar
Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon og kjennskap til norsk helsevesen. Primært søker vi spesialist i
allmennmedisin, eller lege som er i gang med spesialisering i allmennmedisin.
God evne til bruk av norsk skriftleg og munnleg.
Erfaring frå kommunehelsetenesten og fastlegeordninga er ein fordel. 
Ved tildeling av heimel vil det leggast vekt på faglege kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og gode
samarbeidsevner.
Søkjarane må ha førerkort kl B, og kunne stille bil til disposisjon.
 
Særskilt for stillinga
I tråd med Helsepersonelloven vil det bli krevd politiattest.
Lønn for kommunale oppgåver og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
 
Offentleggjering
Iflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar oppmerksam på at opplysningar om søkjarane kan bli
offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheita. Midt-Telemark kommune vil varsle søkjara som
har bedt om unnatakelse frå offentlegheit hvis dette ønskjet ikkje kan imøtekomast.
 
Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet
 
Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
 
Kontaktperson
Jørund Verpe, einingsleiar, mobil: 90635444
Ruth Hogstad-Erikstein, fastlege og tillitsvalt, mobil: 959 46 207
Kristin Sekse, kommuneoverlege, mobil: 40913939
Irene Holte Skugstad, fastlege og styreleiar, mobil: 928 43 275
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Midt-Telemark kommune
Arbeidssted
Bø legesenter
Hellandvegen 12
3800 BØ I TELEMARK