Kort om arbeidsgiver

Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldrive klinikk som gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med 78 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2021 eit budsjett på 149 millionar kroner, og 220 tilsette fordelt på 150 årsverk. 

Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområder psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:
- Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
- Opplæring av pasientar og pårørande
- Rettleiing til psykisk helseteneste i kommunane
- Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Klinikken har for tida 13 legespesialistar og 20 psykologspesialistar tilsett. Vi ønskjer å styrkje spesialistkompetansen ytterlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar, og vi har fokus på forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er høgt prioritert.

Fagområde allmennpsykiatri har følgjande seksjonar:
- C1 døgnseksjon med 15 sengeplassar
- Knarvik allmennpsykiatriske poliklinikk
- Tertnes allmennpsykiatriske poliklinikk
- eMeistring (intetnettbasert behandlingstilbod)

Da vi skal avvikle spesialistpermisjonar og ein av våre overlegar snart skal gå av med pensjon, søkjer vi etter fast overlege i 100 % stilling til C1 døgnavdeling. Døgnseksjonen har ei svært godt kvalifisert personalgruppe. Vi har tilsett 2 overlegar der ein har spesialisering innan psykiatri og ein innan allmennmedisin, 2 psykologspesialistar, psykolog, LIS1, LIS3 og sosionomar. Største delen av miljøpersonalgruppa er høgskuleutdanna med relevante vidareutdanningar. I tillegg har seksjonen tilgjengeleg kompetanse innan fysioterapi, kunst- og musikkterapi og ernæring. 

Seksjonen har ei liggjetid på 1 til 4 veker og har eit aktivt behandlings- og utgreiingstilbod. Der er tett og godt samarbeid med dei andre seksjonane innanfor fagområdet. Seksjonen har 15 sengeplassar der 9 av dei er 7-døgnsenger og 6 av dei er 5-døgnsenger.        

Arbeidsoppgåver

  • Behandling og utgreiing av innlagde pasientar
  • Delta i tverrfaglege team
  • Oppfølging av medisinske problemstillingar for innlagde pasientar
  • Undervise og rettleiie miljøpersonale

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist
  • Må meistre norsk både munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

  • Trivast i ein hektisk og utfordrande kvardag
  • Fagleg engasjert og interessert
  • God teamarbeidar

Vi tilbyr

  • Særs godt arbeidsmiljø med høgt kvalifiserte og dyktige kollegaer
  • Gode moglegheiter for ytterlegare fagleg spesialisering og kompetanseheving
  • Veldrive og godt organisert seksjon
  • Moglegheiter til å delta i utforminga av seksjonen sitt behandlingstilbod

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Nils Magerøy
Tittel: Overlege
Telefon: 55 95 70 00
Navn: Audun Birger Håvik
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55957118
Navn: Fredrik Hiis Bergh
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55 95 70 00
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Bjørgvin distriktpsykiatriske senter/C1 Tertnes døgnbehandling
Tertnesvegen 37
5113 Tertnes