Kort om arbeidsgiver
Me søker:
Me søker etter sjukeheimslege i fast 60% stilling på Bryneheimen, med moglegheit for vikariat opp til 100%.  Arbeidstid er på dagtid. Fagleg relevant erfaring , kompetanse og  personleg eignetheit vil verta vektlagt. Oppstart fra 01.09.21 eller etter avtale.

Om arbeidsplassen:
Bryneheimen sjukeheim ligg i Bryne sentrum med gangavstand frå tog- og busstasjonen. Bryneheimen har plass til 58 langtidspasientar fordelte på to avdelingar, inkludert 8 plassar for personar med demens.
Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø med fokus på nytenking, kvalitet og brukarmedverknad, med sjukeheimslegen som ein sentral og viktig fagperson. Institusjon i Time kommune har eigen fagutviklar som har fokus på kompetanse, pasientsikkerheit og kvalitet. Det er eit godt samarbeidsklima og eit godt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver
  • klinisk oppfølging og behandling av pasientar
  • samarbeid med anna helsepersonell og spesialisthelsetenesta
  • samarbeid med pårørande
  • utarbeiding og oppfølging av rutinar og kvalitetssikring
  • bidra til internundervisning
  • delta på faste emnekurs i sjukeheimsmedisin, vanlegvis fire kursdagar i året
  • moglegheit å delta i interkommunal sjukeheimsvakt om det er ønskeleg      

    Ved fråvær, for eksempel under ferieavvikling, kan det vera aktuelt å samarbeida med sjukeheimslege på Sivdamheimen.     
Kvalifikasjonar
  • godkjend norsk autorisasjon, HPR-nr. må registrerast i CV
  • gjennomført LIS1-teneste eller tilsvarande erfaring
  • gelevant erfaring
  • kompetanse innan geriatri og palliasjon er ønskeleg  k
  • krav om politiattest
Personlege eigenskapar
  • søkar må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • gode språkferdigheiter i norsk munnleg og skiftleg, min. B2-nivå
  • gode eigenskapar i teamarbeid og pasient-/pårørandekontakt
  • fleksibel, positiv og evner å sjå den enkelte
Vi tilbyr
  • godt arbeidsmiljø
  • faglege utfordringar og engasjerte kollegaer
  • jamlege møte med kommuneoverlege og samarbeid med sjukeheimslege på Sivdamheimen
Stillingskategori
Sykehjemslege
Arbeidsgiver
Time kommune
Kontaktperson
Navn: Bylgja Ingvadottir
Tittel: Verksemdleiar
Telefon: 412 41 452
Hjemmeside
Arbeidssted
Bryneheimen sjukeheim
4340 BRYNE
Søk på stillingen