Kort om arbeidsgiver
Gruppe for pasientsikkerheitsforsking ved Kirurgisk serviceklinikk og FoU-avdelinga, Haukeland universitetssjukehus har gjennom forsking på bruk av sjekklister i kirurgi og andre pasientsikkerheitstiltak utvikla kunnskap om implementering av nye tiltak i klinisk praksis. Gruppa publiserer i høgt meritterte, internasjonale forskingstidsskrift og fekk i 2018 pris for beste forskingsartikkel innan anestesiologi i Europa. Gruppa er interdisiplinær og er samansett av professor Eirik Søfteland, professor Arvid Haugen, professor Stig Harthug, førsteamanuensis Miriam Hartveit og i tillegg til 5 tidlegare PhD stipendiatar som er i gang med eller planlegg vidare forsking. Det er og engasjert 3 internasjonale professorar i mindre stillingar. Gruppa koordinerer Helse Vest sitt forskingsnettverk for pasientsikkerheit med i tillegg 20 aktive forskarar. Tilsette i gruppa  har gjennom ulike bistillingar tilknytt  UiB, UiS, HVL og OsloMet.

Det er no ledig 100 % stilling for 3 år som doktorgradsstipendiat (PhD-stipend) knytt til eit forskingsprosjekt, «Implement-it». Prosjektet  er finansiert av Noregs Forskningsråd og er eit samarbeid mellom Helse Bergen, Helse Fonna og Universitetet i Oslo. I prosjektet skal ein undersøke korleis kunnskapsbaserte tiltak kan bli effektivt implementert i helsetenesta. Det er danna tre kliniske armer: tidleg oppdaging av forverra tilstand, pakkeforløp i psykiatri og rasjonell bruk av antibiotika. Alle dei tre delprosjektene skal undersøke implementering i spesialisthelseteneste og primærhelseteneste (sjukeheimar der dette er aktuelt) for å prøve og finne suksessfaktorar og inhibitorar for god implementering. Målet er å utvikle og teste ut ein modell for systematisk støtte slik at  implementering i både primær- og spesialisthelsetjenesta kan bli betre i framtida. Stillinga er primært tiltenkt ein stipendiat som kan bygge opp sin PhD med utgangspunkt i tiltaket «tidlig oppdaging av forverra tilstand», men det kan og være aktuelt å vurdere søker som kan arbeide med eit av dei andre delprosjektene eller ein kombinasjon av desse.

Arbeidsoppgåver

  • Med utgangspunkt i eksisterande prosjektbeskrivelse lage ein plan for tre vitenskapelege arbeid som kan inngå i en PhD-avhandling på det valte området
  • Planlegge og gjennomføre delprosjektene i samarbeid med prosjektgruppa
  • Søke opptak til PhD-programmet ved Medisinsk fakultet,  UiB med ein av gruppa sine forskarar som hovudrettleiar.
  • Delta aktivt i forskingsgruppa sine felles aktivitetar og i regionalt forskingsnettverk
  • Ta del i undervisning av helsepersonell i knytt til forskingsgruppas prosjekt 

Kvalifikasjonar

  • Autorisert lege eller sjukepleiar, gjerne med erfaring frå intensiv- eller akuttmedisin
  • Interesse for å arbeide systematisk med å forbetre helsetenester
  • Erfaring frå forsking er ynskjeleg
  • Kan arbeide sjølvstendig, ha fagleg vurderingsevne og likar å jobbe i eit aktivt miljø
  • Erfaring med å jobbe i tverrfagleg team er ynskjeleg
  • Erfaring med å undervise eller rettleie helsepersonell
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Må tilfredsstille krav til å kunne søke opptak i PhD-programmet ved UiB (cand med eller mastergrad)

Personlege eigenskapar

  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, som evne til samarbeid, gjennomføring av eigne prosjekt og sjølvstendig arbeid

Vi tilbyr

  • Eit godt forskingsmiljø innafor eit etterspurt kunnskapsfelt i stor vekst
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst / etter avtale
  • Konkurransedyktig pensjonsordning

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Stillingskategori
Stipendiat
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Eirik Søfteland
Tittel: Professor/ overlege
Telefon: 91342824
E-post: eirik.softeland@helse-bergen.no
Navn: Stig Harthug
Tittel: Professor / Overlege
Telefon: 95752191
E-post: stig.harthug@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kirurgisk serviceklinikk
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen