Kort om arbeidsgiver
Vil du vere med og forme eit nytt behandlingsstilbod? Vi søkjer deg som har eit sterkt engasjement for pasientar med alvorlege psykiske vanskar og samtidig rusproblematikk. ROP- pasientane fell ofte mellom to stolar i behandlingssystemet. Denne utfordringa vil vi gjere noko med og vi inviterer deg med til å bygge opp eit  nytt tilbod til denne pasientgruppa. Her får du ein unik sjanse til å vere med på å utforme den framtidige  behandlinga.   

Helse  Bergen, Divisjon psykisk helsevern og avdeling for rusmedisin har ei stor satsing på å gi eit betre behandlingstilbod til ROP-pasientane. Etableringa av ROP-eininga er eit viktig tiltak i denne satsinga.  

Til den nye einga søker vi deg, psykiater med erfaring frå psykisk helsevern og rus, som ser på denne stillinga som ein sjanse til å gi pasientgruppa eit meir heilskapleg tilbod.  

Tiltaket er i samsvarar med både nasjonale og internasjonale retningsliner, lokale brukarperspektiv og er nedfelt i Helse Bergen sin strategiplan. 

Vi inviterer deg som er den engasjerte spesialisten til å ta samarbeidet mellom psykisk helsevern, rusmedisin, DPS-a og dei kommunale tenestene eit viktig steg vidare. Du ønskjer å ta aktiv del i oppbygginga av dette nye tilbodet i lag med andre gode kolleger og vil bidra med eit engasjert  blikk og konstruktive innspel.  Saman med psykologspesialist og leiar av ROP-eininga vil du utgjere  kjerneteamet i arbeidet. Her får du sjansen til å arbeide  både direkte med pasientane i heilskaplege pasientforløp, samt å arbeide meir utoverretta med rettleiing og samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar. 

Arbeidsoppgåver
  • Behandlaransvar i heilskaplege pasientforløp 
  • Rettleiing med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Samarbeide med ansvarsgruppene rundt pasienten
  • Handtere tvang i samsvar med lovverket
  • Medverke til å  utvikle eit trygt og godt fagleg felleskap
Kvalifikasjonar
  • Spesialist i psykiatri
  • Psykologspesialist. Spesialist i rus- og avhengighetspsykologi er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta
  • Erfaring frå klinisk arbeid med ROP-pasientar
  • Erfaring frå tverrfagleg  samarbeid internt og eksternt
  • Erfaring med døgnbehandling
  • Erfaring  med forbetringsarbeid
Personlege eigenskapar
  • Du er prosess- og løysingsorientert
  • Du skapar gode relasjonar og samhald
  • Du er  inkluderande og involverande
  • Du tåler å stå i krevande situasjonar
  • Du arbeider planmessig og strukturert
  • Du kan ta avgjerder som er til det beste for pasienten og det samla tenestetilbodet
Vi tilbyr
  • Bidra til å utvikle ei ny retning og gi eit nytt tilbod til ROP-pasientar i eit tett samarbeid mellom psykisk helsevern, avdeling for rusmedisin, kommunane og dei lolale DPS-a
  • Fagleg og personleg utvikling i eit arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar.
  • Krevjande og spennande arbeidsoppgåver
  • Lønn etter avtale
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Divisjon psykisk helsevern
Kontaktpersoner
Navn: Elisabeth Vikøren
Tittel: Rådgivar
Telefon: 48091686
Navn: Roger Atle Wæhle Kårstad
Tittel: Prosjektleiar
Telefon: 41701350
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Hatleveien 7D
5038 BERGEN
Søk på stillingen