Kort om arbeidsgiver
Om stillinga
Helse-, sosial og barnevernsavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland har ledig fast stilling frå snarast.

Avdelinga har ulike rådgjevings- og forvaltningsoppgåver og fører tilsyn med barneverns-, helse-, omsorg- og sosialtenestene. Avdelinga har brei kontakt med kommunar, spesialisthelstenester og nasjonale styresmakter. Vi behandlar enkeltsaker og fører tilsyn med kommunar, helseføretak og institusjonar, gir råd og rettleiing og medverkar til gjennomføring av nasjonale mål.

Fylkeslegen/avdelingsdirektøren leier avdelinga som har tilsette med kompetanse innan barnevern, sosial- og helsefag, rettsvitskap, pedagogikk, samfunnsfag og administrasjon

Avdelinga har tre seksjonar og tilsette på Leikanger og i Bergen. Stillinga er knytt til seksjon for kommunehelse og -omsorg, ved kontoret vårt i Leikanger.


Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene omfattar medisinskfaglege vurderingar i enkeltsaker og klager, tilsyn med helse- og omsorgstenester og råd og rettleiing til kommunar, helsepersonell og enkeltpersonar. Andre aktuelle oppgåver kan vere innan folkehelse og samfunnsmedisin. Oppgåvene blir tilpassa kompetansen til den som får stillinga og den samla faglege kompetansen i avdelinga. Arbeidet er variert og i stor grad tverrfagleg.  


Kvalifikasjonar
  • medisinsk embetseksamen og autorisasjon med spesialitet i eller under spesialisering i allmennmedisin og/eller samfunnsmedisin
  • erfaring frå og god kjennskap til helse- og omsorgstenestene 
  • engasjement og interesse for samfunnsmedisinske spørsmål og forbetringsarbeid er ønskjeleg

Personlege eigenskapar
  • god arbeidskapasitet
  • gode samarbeidsevner og vere innstilt på å samarbeide nært med kollegaer
  • kunne grunngje og kommunisere kompliserte problemstillingar på ein god måte
  • sjølvstendig arbeid
  • fullføre oppgåver innan dei fristane som er sett
Evne til fleksibilitet og omstilling blir vektlagt.


Som tilsett hos Statsforvaltare får du
  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid

Vilkår
Stillinga er lønna i stillingskode 0774 ass. fylkeslege, frå kr 880 000–1 000 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.    
  
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Statsforvaltaren i Vestland
Kommunehelse og -omsorg/ Helse, sosial og barnevern
Kontaktpersoner
Navn: Sjur Lehmann
Tittel: Fylkeslege/avdelingsdirektør
Telefon: 55 57 22 18/ 452 45 835
E-post: fmhosle@statsforvalteren.no
Navn: Linda Svori
Tittel: Seksjonssjef
Telefon: 57 64 31 61
E-post: fmsflsve@statsforvalteren.no
Arbeidssted
Statens hus Leikanger
Njøsavegen 2
6863 LEIKANGER
Søk på stillingen