Kort om arbeidsgiver

Skadepoliklinikken i Helse Bergen søkjer kirurg, ortoped eller plastikkirurg med håndkirurgisk kompetanse.

Skadepoliklinikken har over 40.000 konsultasjonar i året, herunder mindre og større handskadar i skjelett og bløtvev. Vi har ei fullverdig operasjonsstove med eigen C-bue. Skadepoliklinikken består av Såravdeling, Bruddavdeling og Fysioterapiavdeling.

I Bergen helsehus i Solheimsviken finn du både den kommunale
legevakta (Bergen legevakt) og Skadepoliklinikken, som er
organisert under Ortopedisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus. 

Arbeidsoppgåver

  • Operative inngrep, både akutte og elektive
  • Polikliniske spesialistvurderinger i Sår- og Bruddavdelinga 
  • Veiledning og opplæring av legane i avdelinga
  • Hovudsakleg dagtidsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Relevant spesialitet 
  • Formal og real håndkirurgisk kompetanse 
  • Godkjend politiattest må kunne visast ved tilsetjing
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med pasientar og deira pårørande på ein god måte
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende

Vi tilbyr

  • Allsidig og utviklande fagmiljø
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg, aktivt og godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Torbjørn Hiis Bergh
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 55568714
Navn: Njål Kleven
Tittel: Overlege
Telefon: 53031821
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Skadepoliklinikken, Helse Bergen
Solheimsgaten 9
5058 Bergen
Søk på stillingen