Svært attraktiv 1 års vikariat fastlegeheimel ved Samnanger legekontor er ledig frå 01.09.2021. 

Legekontoret ligger ca 40 minutt køfri køyring frå Bergen sentrum, Nesttun eller Os.

Dette er ein unik jobbmoglegheit for deg som vil jobbe som fastlege, og kunne ha moglegheit til å arbeide deltid for å ha nok tid til både pasientar og familie/fritid.

Dette er fastlegepraksisen du slepp å drifta sjølv, ettersom kommunen har teke på seg dette ansvaret. Praksisen er veldriven og innarbeidd i trivlege og tenlege lokale i Samnanger helsetun. På helsetunet er ein samlokalisert med fysioterapi, kommunepsykolog, helsestasjon og jordmor.  Lokala er relativt nye, og utforma spesielt for legekontor.

I Samnanger kommune er det 4 legeheimlar, med tilsaman 200 % kurative legeårsverk, i tillegg til kommunale deltidsstillingar. Me har tre stabile og svært flinke hjelpepersonell med til saman 220 % stillingsressurs, kor av ein er leiande helsesekretær og ein er sjukepleiar.

Legekontoret nyttar Infodoc Plenario journalsystem, og har velutvikla elektronisk kommunikasjon med samarbeidspartnarar. Velutstyrt laboratorium med EKG, spirometri, 24 timars BT-apparat og doppler.
Samnanger kommune driftar legekontoret vederlagsfritt, og legane driv si eiga næring. Den enkelte lege beheld såleis trygderefusjonar og eigenandelar i sin heilskap. Samnanger kommune beheldt procapitatilskotet. Legen slepp dermed å bruka tid og krefter på å drifta legekontoret, men kan konsentrera seg om å vera lege.

Me legg vekt på godt arbeidsmiljø og gode samarbeidstilhøve så vel innad på helsetunet, som med andre einingar i kommunen. Spesielt kan ein nevna det gode samarbeidet med sjukeheimen, heimetenesta, fysioterapi og kols- og diabetesteam. I kommunen har ein og ressurssjukepleiarar innanfor palliasjon og kreftomsorg, og demens. Kommunen har eigen velutstyrt og godt bemanna First Responder bil.

Fastlegelista har listetak på 600, listelengde per i dag er på 450 pasientar. Me har samarbeid med Bjørnafjorden kommune om legevaktsarbeid. Vaktstasjonen er lokalisert i Bjørnafjorden kommune (Os/Moberg). Dette er ei veldreven legevakt. På dagtid er det legane i Samnanger som har vaktfunksjon i eigen kommune (frå kl. 0800-1600). 

Arbeidsoppgåver:
  • Fastlege: 2.5 dag i kurativ, open uselektert praksis. Men med moglegheit for meir om ynskjeleg.
  • 10% kommunal bistilling, for tida som sjukeheimslege
  • Deltaking i kommunen sin legevaktsordning. Interkommunal legevakt er lokalisert i Bjørnafjorden. Her er det moglegheit for ekstravakter eller lågare vaktbelasting etter ynskje.
Kvalifikasjonar
  • Lege med spesialisering i allmennmedisin, ferdig eller (planlagt) påbegynt
  • Fullført LIS1-teneste/turnusteneste
  • Krav om politiattest i tråd med helsepersonellova
Personlege eigenskapar
  • Personleg eignaheit og samarbeidsevne vert vektlagt
  • Søkjarar må ha norsk autorisasjon
  • God språkforståing og formidlingsevne
Me tilbyr:
  • Kommunen er registrert utdanningsinstitusjon, og vil legge til rette for spesialistudanning
  • Godtgjersle for deltaking i kommunal ordning for øyeblikkeleg hjelp på dagtid
  • Moderne og trivlege lokale ved Samnanger helsetun
  • Fastlegen beheldt eigenandelar og refusjonar i sin heilheit mot at kommunen beheld procapitaltilskotet som leige for kontor, utstyr, forbruksartiklar, løn til helse-sekretærar m.v.
  • Tilsetjing/inngåing av privat avtaleheimel skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og avtalar
  • Tilsette blir meldt inn i KLP, og med offentleg tenestepensjon får dei ein av Norges beste pensjonsordningar. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Samnanger kommune
Kontaktpersoner
Navn: Kari Anne Tolås Boge
Telefon: +47 56589105 / +47 48893212
Navn: Kristine Utheim Gangdal
Telefon: +47 95239731
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Tyssevegen 108
5650 TYSSE
Søk på stillingen