Kort om arbeidsgiver
SURNADAL KOMMUNE SØKJER ETTER 2 FASTLEGEVIKARAR.
DEN EINE VIKAREN TRENG VI SÅ SNART SOM RÅD OG TIL 01.09.21; DEN ANDRE TIL 31.12.21.
 
Kommunen har til saman 6 fastlegeheimlar og ein LIS1 lokalisert ved Surnadal legesenter.
Legesenteret har fine funksjonelle lokale i sentrum og har tilknytt hjelpepersonell. 
 
Som fastlege kan ein arbeide som sjølvstendig næringsdrivande etter ein såkalla "nullavtale! (ASA 4310 pkt 8.2).
 
Arbeidsoppgåver:
Surnadal kommune deltek i interkommunal legevaktordning lokalisert i Orkland kommune. Ein må rekne med 1-2 vakter i månaden, samt legevakt på dagtid ved Surnadal legesenter ca ein dag per veke. Om ein ønskjer det er det muleg å arbeide ekstra.
 
Kvalifikasjonar:
Dei som søkjer bør vere spesialist i allmennmedisin. Ikkje-spesialistar som er godkjent allmennlege, kan søkje dersom kriteria om overgangsordningar omtala i "Forskrift om spesialistutdanning og spesialistgodkjenning for leger og tannleger (spesialistforskriften) er tilstades".
 
Norsk autorisasjon som lege, rekvisisjonrett, refusjonsrett frå Helfo og norskkunnskapar på eit høgt nivå er påkrevd.
Søkjarane må ha kjennskap til norsk helsevesen og helst ha erfaring frå kommunehelseteneste.
 
Det blir kravd politiattest av den tilsette og attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Vi tilbyr gode arbeidsforhold, fine arbeidslokale og trivelege kollegaer. Vi kan hjelpe med å skaffe bolig. Det er god barnehagedekning i kommunen.
 
Vi ønskjer søknad på epost til: post@surnadal.kommune.no
Søknader blir vurdert fortløpande. 
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Surnadal kommune
Kontaktpersoner
Navn: Atle Aune
Tittel: Fastlege
Telefon: 71 65 78 00 / 958 89 054
Navn: Gunn Inger Bredesen
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 481 22 549
Arbeidssted
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL
Søk på stillingen