Kort om arbeidsgiver

Ønskjer du eit år i psykiatrien? Dette er ei unik moglegheit til å bli god på akutte psykiatriske vurderingar i eit trygt fagmiljø. Du vil i ei slik stilling opparbeide deg erfaring med hele spekteret av psykiske lidingar. Vi tilbyr ein variert og spennande arbeidsdag, der du får anvendt fagkunnskapen din på mange ulike måtar.

Kronstad Distriktspsykiatriske Senter (DPS) har ansvar for 3 bydelar i Bergen, Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Kronstad DPS er lokalisert i eit moderne bygg på Danmarksplass.

Seksjon for akutte tjenester (SAT) i Kronstad DPS søkjer no etter ein fastlege som gjennomfører spesialisering/sjukehusår i eitt års vikariat. SAT er p.t. no bemanna med 2 overlegar, 1 psykologspesialist, 2 psykologar og seksjonsleiar/psykiatrisk sjukepleiar. SAT har ansvar for alle akuttvurderingar og vurderingar med kort frist, og fullfører fleire oppfølgingsløp etter akuttvurdering. Ei av hovudmålsetjingane med oppfølging av SAT er å tilby god akuttbehandling og unngå unødig innlegging. SAT følgjer opp pasientar i avgrensa behandlingsforløp, i all hovudsak i kontora ved avdelinga.

SAT tar i mot tilvisingar frå legevakt, poliklinikk, fastlegar, sjukehus og private spesialistar. SAT har hovudansvar i akutthjelpordninga ved Kronstad DPS med daglege akuttvurderingar. SAT deltar på fellesundervising, fagutvikling og anna samhandling ved Kronstad DPS.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje vidare organisatorisk og fagleg utvikling av SAT saman med teamet og i tråd med sentrale føringar og lokale retningsliner. Vurdere og behandle akuttpsykiatriske tilstandar, samt vurdere riktig vidare oppfølging/ behandling der dette er aktuelt
  • Samarbeide med poliklinikkar og sengepostar i DPS og med øvrige instansar som har med pasienten å gjere
  • Vurdering av tilstand og behandlingsbehov hos pasientar som er tilvist akuttime i DPS, og starte eller fullføre dette behandlingsforløpet. Pasientar i SAT blir følgt opp i avgrensa behandlingsforlaup 
  • Du må kunne jobbe strukturert og målretta samtidig som du kan handtere ting ad hoc, og bidra positivt til arbeidsmiljøet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du må ha gode samarbeidsevner, vere fleksibel og arbeide sjølvstendig
  • Ønskje om å utvikle teamet til det beste for pasientane
  • Trivst med varierte arbeidsoppgåver og teamarbeid
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  •  Det vert tilbydd veiledning kvar veke, deltaking i kollegagruppe samt to timar teoriundervisning i veka
  •  Seksjonen vår tilbyr et godt og støttande kollegafelleskap, vi har daglige faglege diskusjonar og teamdrøftingar med fokus på problemløysing
  • Moglegheit til å delta i vidare utforming av Seksjon for akutte tenester og i Kronstad DPS
  • Eit godt fagleg fellesskap med høg kompetanse og høg trivsel, der tryggleik på kvarandre og gjensidig støtte er viktige pilarar
  • Lønn etter avtale

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Gunnhild Karlsen Vatle
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55956000/91375045
Navn: Kristin J. Bovim
Tittel: Psykiater
Telefon: 55956000/98262955
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kronstad distriktspsykiatriske senter/ Avdeling Allmennpsykiatri/ Kronstad Seksjon for akutte tenester
Fjøsangerveien 36
5054 Bergen
Søk på stillingen