Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig tre faste stillingar for lege i spesialisering, LIS 3, i Barne- og ungdomspsykiatri. 

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken har god fagleg bemanning og arbeider etter kunnskapsbaserte metodar. Framover har klinikken stort fokus på samhandling med kommunar samt kvalitetssikring, innovasjon og forsking.

Vi tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i barne- og
ungdomspsykiatri,
ein viser for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering vil
stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist 

Arbeidsoppgåver

  • Vedkomande som blir tilsett skal delta i utgreiing, diagnostisering og behandling av psykisk sjuke pasientar i alderen 0-18 år
  • Den som blir tilsett må ha gode samarbeidsevner og delta i tverrfagleg arbeid. Ein må kunne kommunisere og samhandle godt med foreldre og barnet sitt nettverk
  • LIS tenesta vil bli tilrettelagt jfr. ny forskrift med aktuelle læringsmål

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 3 -stilling i barne- og ungdomspsykiatri
  • Søkjar må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Du må trivast med å arbeide med barn og unge med psykiske utfordringar og deira føresette
  • Du må trivast i eit aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Du må vere open for nye utfordringar og vere engasjert
  • Du må ha evne til både å arbeide sjølvstendig og i tverrfagleg team
  • Du må vere opptatt av og bidra til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst og rekrutteringstillegg på kr 100 000
  • Overlege som rettleiar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Leggje til rette for alle tenester som er nødvendig innan spesialisering i barne- og ungdomspsykiatri

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Bente Monstad
Tittel: ass.klinikkdirektør
Telefon: 55 97 44 51
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen