Kort om arbeidsgiver

Klinikk SNR, Avdeling for kirurgi og akuttmedisin, Anestesilegar Molde har ledig stilling som Lege i spesialisering i perioda 01.09.21 - 31.03.22.

Anestesi - og intensivavdelinga ved Molde sjukehus nyttar eit variert utvalg av moderne anestesimetodar og har ein godt oppdatert utstyrspark.
Det vert utført ca 4500 anestesiar i året fordelt på blautdelskirurgi, ortopedi, gynekologi/obstetrikk, ØNH, tann/kjeve og auge. I tillegg ytast også anestesitjenester til radiologisk avdeling (innkludert MR), medisinsk avd. og psykiatrisk avdeling.
Vi har ei kombinert postoperativ og generell intensivavdeling med totalt 19 senger fordelt på recovery, tung overvåkning og intensiv. Vi yt eit fullverdig intensivmedisinsk tilbod på gruppe 2 sjukehusnivå, inkludert invasiv ventilasjon, avansert hemodynamisk overvåkning og kontinuerleg nyreerstattande behandling. 

Eininga har eit todelt vaktsystem der legar i spesialisering går 6-delt tilstadevakt med overlegar i bakvaktsordning. Det kan bli aktuelt med tjeneste på andre sjukehus i foretaket for å oppnå kompetansemål i spesialiseringa.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling.
Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har
fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar
seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.

Les meir om Romsdalen og Molde her.

Arbeidsoppgåver

  • Forberede, ordinere og administrere anestesi i samband med kirurgi og andre intervensjonar.
  • Delta i behandlinga av postoperative og intensivmedisinske pasientar.
  • Delta i behandlinga av mistenkt alvorlig sjuke pasientar i akuttmottak.
  • Behandle pasientar med smertetilstandar, inklusive obstetrisk analgesi. 
  • Delta i prehospitalt arbeid i samband med alvorlige hendingar.
  • Andre arbeidsoppgåver i fagområdet anestesiologi.

Kvalifikasjonar

  • Søkjer må legge ved søknadsblankett for legestillingar
  • Søkjer må beherske norsk skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interessert og kunnskapstørst
  • Ansvarsbevisst
  • Positiv og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å halde seg roleg i kaotiske situasjonar
  • Tåle høgt arbeidstempo

Vi tilbyr

  • Estimert fire månadar opplæring uten vakt, kor ein får opplæring i basal anestesiologi. Opplæringstida vurderast individuelt.
  • Et godt arbeidsmiljø.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Ein inkluderande arbeidsplass.
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar.
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Per Johan Lans
Tittel: seksjonsleiar lege
E-post: Per.Johan.Lans@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Anestesileger Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde
Søk på stillingen