Kort om arbeidsgiver

Det er ved avdeling for Kreft, blodsjukdom og lindrande behandling (Kreftavdelinga) i Helse Førde ledig fast stilling som overlege onkologi.

Avdelinga er organisert under medisinsk klinikk og består av sengepost for kreft, blodsjukdom og palliasjon. Her er fire onkologer, tre hematologer og ein overlege i palliativt team. I tillegg fire LIS fordelt på onkologi og hematologi. Avdelinga har ansvar for store deler av medikamentell kreftretta behandling til den vaksne befolkninga i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

Avdelingssjef er næraste overordna.

Til stillinga kan det også vere aktuelt med rolla som medisinskfagleg rådgjevar til avdelingssjef, dersom kvalifikasjoner for dette er til stades. 

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid ved sengepost og poliklinikk, ved rullering
  • Delta i fagleg utviklingsarbeid og tenesteutvikling
  • Rettleiing og supervisjon av LIS
  • Bidra til utarbeiding og oppdatering av relevante rutinar og prosedyrar
  • Delta i avdelinga si vaktordning
  • Utføre tilsyn ved henvisningar internt på sjukehuset
  • Delta innan gjeldande studier ved avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og godkjent spesialitet onkologi
  • Søkjarar må beherske norsk (skandinavisk) språk munnleg og skriftleg for god forsvarleg yrkesutøving
  • Evne til å kommunisere godt og tydeleg med både pasienter og kollegaer

Personlege eigenskapar

  • Positiv bidragsytar til eit godt fagleg og kollegialt miljø
  • Motivasjon og interesse for fagfeltet, samt respekt for tverrfagleg samarbeid til beste for pasienten
  • Inneha god fagleg vurderingsevne, og arbeide målretta og strukturert
  • God samarbeidsevne og personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Godt, spennande og travelt arbeidsmiljø
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Ingunn Solheim Terøy
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 578 39 313
Navn: Mats Holmberg
Tittel: Overlege onkologi, medisinskfagleg rådgjevar
Telefon: (+47) 450 43 030
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Kreftavdelinga, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillingen