Leikanger
Tettstaden Leikanger ligg fint til ved Sognefjorden omgitt av vakker natur med gode mogelegheiter for friluftsliv med alt frå topptur til fots og på ski til båtliv på fjorden. Leikanger er kjent for å ha mange statlege etatar, høgt utdanningsnivå og god folkehelse.

Stillingsinformasjon
Ved Leikanger legekontor er det ledig 1 års vikariat for fastlege frå 01.09.21. Listelengde på inntil 700 pasientar og 30% stilling som sjukeheimslege.

Om stillinga
Leikanger legekontor har 3 fastlegar, 1 turnuslege og to årsverks hjelpepersonell (sjukepleiarar). Medarbeidarane er svært erfarne og har god lokalkunnskap. CGM allmenn journalsystem. Sogndal kommune legg stor vekt på rettleiing integrert i praksis med sikte på at både kurativt arbeid og legevakt skal vere ein god plass å lære allmennmedisin og leggje grunnlaget for spesialisering.

Kommunen eig og driv legekontoret. Legekontoret er samlokalisert med helsestasjon, fysioterapi, psykisk helseteneste, heimesjukepleie og sjukeheim.

Legevakta ligg i Sogndal og er for tida 15-delt.

Arbeidsoppgåver:
Allmennmedisinske oppgåver som fastlege og sjukeheimslege.

Kvalifikasjonar:
Norsk autorisasjon som lege.
Gjennomført turnusteneste/LIS1.
Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering i allmennmedisin.
Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar:
Flytande norskkunnkapar, både skriftleg og muntleg.
God evne til kommunikasjon og samhandling.
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
Høg arbeidskapasitet.

Vilkår for fastlegeavtale går fram av lover, forskrifter, sentrale og lokale avtalar.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Sogndal kommune
Kontaktperson
Navn: Jan Ove Tryti
Tittel: tenesteleiar
Telefon: 57629700
E-post: jan.ove.tryti@sogndal.kommune.no
Arbeidssted
Leikanger
Ohnstadhaugen 17
6863 LEIKANGER
Søk på stillingen