Sektor for helse og omsorg søker kommunelege i 100 % fast stilling
Gjer draumen levande er kommunens slagord, og dette ser ein att i tilboda til både innbyggarar og tilsette. Saman er vi rause, respektfulle, omtenksame, inkluderande og stolte.

Fyresdal er ein kommune i Vest-Telemark med omlag 1240 innbyggarar. Kommunen har som mål å vere handlekraftig og finne fleksible løysingar. Her er det godt å bu og virke, og saman leverer vi svært gode tenester til innbyggjarane våre.

Legekontoret er ein del av helsesenteret og ligg i sentrum av Fyresdal. På helsesenteret er helsetenestene samla og samarbeider tett til pasientens beste. Helsesenteret er godt utstyrt og vi nyttar journalsystemet Infodoc.

Det samla fagmiljøet består av to kommunelegar, LIS1-lege, sjukepleiarar, helsesekretær, helsesjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar, psykiatrisk hjelpepleiar, 2 fysioterapeutar, ergoterapeut og avdelingsleiar. Kommunens tenestekontor og tannlegekontoret held til i same bygg. Jordmor og psykolog er knytt opp mot tenesta, i form av interkommunale samarbeid. Frivilligsentralen er også organisert under avdeling helse.

Om stillinga som kommunelege:
  • Arbeidet som kommunelege er svært variert og famnar heile spekteret av allmennmedisin.
  • Kommunelegen har det medisinske ansvaret for pleie- og omsorgssenteret med visitt kvar veke.
  • Stillinga inkluderer vakter ved Arendal legevakt.
Kvalifikasjonar:
  • Medisinsk embetseksamen og norsk legeautorisasjon.
  • Gjennomført turnusteneste LIS 1.
  • Det er ynskjeleg med spesialisering innan allmennmedisin/indremedisin.
  • Det er ein føresetnad at du beherskar norsk skrifteleg og munnleg.
Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil.

Vi søkjer ein person som:
  • Er utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel.
  • Har gode samarbeidsevner.
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid.
  • Likar utfordringar.
  • Har brukar i fokus.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr:
  • Faglege utfordringar i et godt arbeidsmiljø med gode kollegar.
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
  • Løn etter avtale.
  • Hjelp til å skaffe bustad.
  • Vakker natur, rein luft og eit hav av mogelegheiter for friluftsliv både sommar og vinter.
  • Barnehageplass frå dag ein i kommunen.
  • Barnehage og skule er lokalisert i sentrum.
Fyresdal kommune blei i 2020 kåra av UNICEF som den beste oppvekstkommunen i landet!
Her kan du sjå meir frå Fyresdal: Du finn også mykje informasjon om den flotte kommunen vår her: www.fyresdal.kommune.no.

Kontaktperson ved spørsmål:
Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Anne Veum på mobil 951 77 421, eller til kommuneoverlege Karin Kristin Østerhus på mobil 996 91 499.

Tilsettingsvilkår:
Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest.

Søknadsfrist:
Søknadsfristen er 20.06.2021.

Velkomen som søkar!

Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju ved søknadsfristens utløp.
 
 
 
Link til vårt elektroniske søknadsskjema:
https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=5554&externalId=3823&languageCode=nn&auth=KFPORTEN
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Fyresdal kommune
Kontaktpersoner
Navn: Anne Veum
Tittel: Avdelingsleiar helse og omsorg
Telefon: 951 77 421
Navn: Karin Kristin Østerhus
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 996 91 499
Arbeidssted
,
3870 FYRESDAL
Søk på stillingen