Kort om arbeidsgiver
Innan indremedisin har vi 16 legar i spesialisering og 20 overlegestillingar. Haugesund sjukehus har klinikkar for medisin (inkl. barn og nyfødd), kirurgi (inkl. føde/gyn og fertilitet) psykiatri, og medisinsk service (inkl. akutt, radiologi, klinisk kjemi og patologi).

Medisinsk klinikk omfattar indremedisin med greinspesialistar i dei fleste fagområda samt nevrologi, smittevern, rehabilitering, lærings- og meistringssenter og geriatrisk eining. Klinikken er godkjend som gruppe-II- utdanningsavdeling for indremedisin, nyresykdommer, kardiologi, lungesjukdomar, gastroenterologi og geriatri.

Fagområdet nyresjukdommar er organisert i Seksjon for gastroenterologi og nefrologi. Seksjonen har 14 sengeplassar (omtrent 7 nyrepasientar og 7 gastroenterologiske pasientar). I tillegg er det dialyseavdeling med hemodialyse (for tida ca 30 pasientar), peritoneal dialyse (for tida 5 pasientar) og seksjonen har også ansvaret for tilsyn med dialyseavdelinga ved Odda sjukehus og ved dialysesatellitt i Sauda. Det er omfattande poliklinisk drift. Totalt sett dekker seksjonen det aller meste av fagfeltet nyreskukdommar med brei nyremedisinsk aktivitet, akutt og kronisk dialyse, månadlege nyrebiopsimøter, plasmaferese og lipidaferese. Det er for tida tilknytta ca 2 overlegestillingar til seksjonen og 2 legar i spesialisering. Det er ikkje organisert eiga ordning for dialysevakt. Det er omfattande forskningsaktivitet ved seksjonen med fleire legar som er engasjerte i ulike forskningsprosjekt under leiing av professor og klinikkoverlege Bjørn Egil Vikse.

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk tjeneste på post, dialyse og i poliklinikk..
  • Deltaking i felles indremedisinsk overlegevakt, for tida 16 delt. 

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein overlege som er godkjend spesialist i indremedisin og nyresjukdommar.
  • Legar som er i utdanning og kan få slik spesialistgodkjenning innan 1-2 år er velkomne til å søkje.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein overlege i nyresykdommer som ønsker å arbeide tett på pasientene og utvikle faget i eit godt kollegialt miljø.    
  • Gode samarbeidsevner vil bli vektlagt.
  • Personlege eigenskaper vil bli tillagt avgjerande vekt.

Vi tilbyr

  • Arbeids- og lønnsvilkår etter lokal overeinskomst og individuell avtale.
  • Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg nivå.
  • Legger til rette for og prioriterer forsking og utvikling.
  • Seksjonen har organisert internundervisning i nyresjukdommar.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktperson
Navn: Bjørn Egil Vikse
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: (+47) 992 50 064
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinsk klinikk, Helse Fonna HF
Haugesund Sykehus
5528 Haugesund
Søk på stillingen