Kort om arbeidsgiver

Er du lege og nysgjerrig på grenseoppgangen mellom medisinsk seleksjon og diskriminering? Gir medisinsk seleksjon av sjøfolk tryggare skipsfart og betre helse på sjøen? Det er ledig stilling som PhD-stipendiat ved Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin.

Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin er eit nasjonalt kompetansesenter ved Yrkesmedisinsk avdeling i Helse Bergen med formål om å fremme helsa til sjøfolk, fiskarar, dykkarar, offshorearbeidarar mv. Senteret har 16 tilsette og driv bl.a. undervisning, rådgjeving, regelverksarbeid, saksbehandling, forsking, utvikling av medisinske læremidlar, seleksjonsmedisinske utgreiingar (dykkarar og sjøfolk) og driftar den telemedisinske legevakta for sjøfolk, Radio Medico. Senteret jobbar tett med mellom anna Sjøfartsdirektoratet, Forsvaret og Universitetet i Bergen, og har prosjektsamarbeid med fleire offentlege, ideelle og private aktørar innan den maritime næringa i Noreg og i utlandet.

 

Arbeidsoppgåver

Stipendiat/PhD i forskingsprosjekt om medisinsk seleksjon av sjøfolk. Forskingsprosjektet tar utgangspunkt i registerbaserte data frå norske helseregistre.

- Kva er dei vanlegaste helseplagene som medfører tap av helseattest hjå norske sjøfolk? 

- Er risikovurdering hjå sjømannslegen egna til å identifisere dei med høgast risiko for alvorlege hendingar?

- Korleis går det med sjøfolk som blir sett på land?

I tillegg til forskingsarbeid skal stipendiaten medverke i undervisning på kurs innan seleksjonsmedisin. Det kan bli aktuelt med klinisk telemedisinsk vaktarbeid i Radio Medico, den telemedisinske legevakta til sjøs, på sikt.

Kvalifikasjonar

  • Lege med klinisk erfaring, gjerne variert.
  •  Evne til å uttrykke seg munnleg og skriftleg på både norsk og engelsk
  • Det vil telje positivt med:

- Forskingserfaring

- Formidlingserfaring

- Interesse for eller kjennskap til maritim sektor (sjøfart, fiskeri, oppdrett mv.), erfaring frå helsetenester i eit kyst-/fiskerisamfunn mv.

Personlege eigenskapar

  • Systematisk og resultatorientert
  • Ansvarsbevisst med evne til gjennomføring
  • Fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Ei unik moglegheit for nybrottsarbeid i eit spanande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Tilsetting som stipendiat er tidsavgrensa iht. arbeidsmiljøloven § 14-6 e)
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst

 

Mangfoldserklæring 
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Stillingskategori
Stipendiat
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Jon Magnus Haga
Tittel: Seksjonsleiar lege
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Yrkesmedisinsk avdeling / Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin
Jonas Lies vei 79
5053 Bergen
Søk på stillingen