Kort om arbeidsgiver
Hå kommune har ei fast utdanningstilling i spesialiteten allmennmedisin. Utdanningsstillinga er ikkje knytta til fast liste men vil rotera mellom ulike allmennmedisinske oppgåver, og er ledig frå 01.09.2021. I tillegg har me ledig vikariat i 100 % frå 01.09.2021 og i 12 mnd.

I stillinga er tillagt inntil 40 % ikkje kurativt arbeid, dette er i utgangspunktet tiltenkt sjukeheimsarbeid men andre oppgåver kan verta aktuelle.

Det vert lagt til rette for veiledning, deltaking i veiledningsgruppe, kurs og at ein får oppfylt dei ulike målkrava som ligg i den nye spesialistutdanninga. Det vil verta gitt permisjon til sjukehusteneste. På sikt er det tenkt at denne stillinga går inn som ein vanleg fastlegestilling med eiga liste.

Helsetenesta i kommunen er knytta til 3 helsesentra; Nærbø, Varhaug og Vigrestad. Kommunen har i dag 17 kommunale + 1 privat stilling for fastlege. Stillingane er fordelt slik: Nærbø 9 fastlegar + 1 turnuslege, Varhaug 5 fastlegar, Vigrestad 5 fastlegar og Sirevåg 1 fastlege. Legevakta er ft. 17 delt.

Attester og vitnemål
Me ber om at du lastar opp attester og vitnemål (pdf) digitalt saman med søknaden din.

Politiattest
Politiattest nyare enn tre månedar må leverast før start i stilling.

Tilsettingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysninga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månedar og regler for flyttegodtgjørsle. 
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Hå kommune
Kontaktpersoner
Navn: Anders Madsen
Telefon: 51 79 98 00
Navn: Gerd Signy S. Omland
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 481 05 342
Hjemmeside
Arbeidssted
,
4360 VARHAUG
Søk på stillingen