Kort om arbeidsgiver

Det er ledig to vikariat for fastlege i Giske kommune med oppstart 01.09.2020 eller etter avtale. 

Fastlegelistene har 1050 og 750 innbyggarar. Til største lista er det knytt 10 % stilling som helsestasjonslege og dette vikariatet gjeld t.o.m. 31.08.2022. Til minste lista er det knytt 10 % stilling som sjukeheimslege og dette vikariatet gjeld til omlag 20.04.2022.

Legesenteret er lokalisert på Ytterland på Valderøya. Gruppepraksis med totalt ni fastlegar og ein LIS1. Senteret er velorganisert og har fokus på godt arbeidsmiljø og samarbeid. Journalsystemet er Infodoc Plenario.

Fastlegen arbeider som sjølvstendig næringsdrivande. Legen inngår leigeavtale med eige driftsselskap, Giske kommunale legesenter AS.
 
Det er gunstige leigevilkår og kommune søker midlar for å kunne inngå ALIS-avtale med kompensasjonsordning for tapt inntekt og utgifter knytt til utdanning i allmennmedisin.

Deltaking i 9-delt legevakt kveld og helg ved Giske legevakt. Interkommunal nattlegevakt i Ålesund med minimum 5 nattevakter i året. 

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne nytte eigen bil i tenesta.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknden.

Arbeidsoppgåver

  • Kurativt arbeid som fastlege i medhald av fastlegeforskrifta.
  • Helsefremmande og førebyggande arbeid.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Deltaking i legevakt.

Kvalifikasjonar

Personlege eigenskapar

  • God på kommunikasjon og samarbeid.
  • Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysingsorientert.
  • Evne til å arbeide strukturert og målretta.
  •  
  • Andre opplysningar:
  • Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
  • Søkjar må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.

Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Giske kommune
Kontaktpersoner
Navn: Anne-Line Sommerdalen
Tittel: kommuneoverlege
Telefon: (+47) 93462221
Navn: Gretha Giske
Tittel: einingsleiar
Telefon: 97028234
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Barn, familie og helse, Giske kommune
Ytterland 1
6050 Valderøya
Søk på stillingen