Ledig fastlegeheimel ved Ørsta helsesenter som i dag har 14 fastlegeheimlar. For tilsetting vert krevd avtale med Legesenteret AS der heimelen inngår i gruppepraksis.

Vi søkjer etter :
  • Lege med norsk autorisasjon
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Spesialist i allmennmedisin eller starta på slik spesialisering
  • Godt kjennskap til og erfaring frå norsk helsevesen og kommunehelsetenesta
  • Meistrer godt elektroniske fagsystem
og som har:
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Interesse og engasjement for allmennlegetenester i kommunen
  • Evne til å tenke heilskapleg, førebyggande og tverrfagleg
  • Har fokus både på pasient og tenesta si rolle og funksjon i samarbeid med andre tenesteområde og tenestenivå
  • Gode evner til både å jobbe sjølvstendig, inngå i teamarbeid og i tverrfagleg samarbeid
  • Like utfordringar, er fleksibel og oppteken av endrings- og utviklingsarbeid
Ørsta helsesenter har drift i nye gode lokaler i ein gruppepraksis med samla 14 fastlegeheimlar
Fastlegeheimelen har i dag liste som med 735 pasientar. Det er aktuelt å auke listetalet tilknytt heimelen.
Praksis som sjølvstendig næringsdrivande og avtale om støttetenester som er etablert i gruppepraksisen.
Helsestasjon, kommunepsykolog, kommunal fysio- og ergoterapiteneste og heimebasert omsorg er plassert i lokaler like ved. 

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagd.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Ørsta kommune
Kontaktpersoner
Navn: Hege Axe Øvsteng
Tittel: Leiar Ørsta helsesenter
Telefon: 70048050
Navn: Oddvar Marøy
Tittel: Stabsleiar
Telefon: 91851882
E-post: oddvar.maroy@orsta.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Ørsta legesenter
Dalevegen 28
6153 ØRSTA