Kort om arbeidsgiver
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har har 2300 innbyggjarar, ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. 

Det tar omlag 1,5 time med ekspressbåt og 2 timar med bil frå Eivindvik til Bergen sentrum. 

Kommunen har byggeklare tomter, både kommunale og private. Kommunen er elles behjelpeleg med å skaffe bustad for leige (har pr no ledig kommunale bustader i gåavstand frå legekontoret i Eivindvik)

Her kan du sjå video med eine fastlegen vår, som er ALIS-lege. Ho fortel om si oppleving av å flytte til- og vere ALIS-lege/fastlege i Gulen kommune. Viktig å rekruttere leger fra distriktet - YouTube

Gulen kommune lyser med dette ut 100% fastlege(fastlønsstilling). Start for stillinga er 01.09.21/etter avtale.
Hovudkontoret til legane ligg i Eivindvik. Det er 3 legestillingar ved kontoret, som alle er organisert som fastlønsstillingar. Det er i tillegg LIS1-lege. Kontoret har legesekretærar som støttepersonell og er lokalisert i kontorfellesskap med helsestasjonen og psykisk helse og rus. Kjenneteikn ved arbeidsmiljøet er godt humør, godt samarbeid, ein trygg arbeidskvardag med høve til faglege diskusjonar og rettleiing, samt fokus på å yte tenester av god kvalitet. Det er elles varierte arbeidsoppgåver, der det er rom for å fordele oppgåvene etter interesseområde.  

Arbeidsoppgåver:
  • Kurativ praksis og kommunale oppgåver. Fordeling av kommunale oppgåver mellom dei tre legane vert gjort på bakgrunn av kompetanse og interesseområde. Fastlegelista har for tida 500 pasientar (tak på 1000 pasientar). Rammene til legane gjer høve til stor grad av autonomi i arbeidskvardagen.
  • Kommunen inngår i Nordhordaland legevaktdistrikt på ettermiddag/natt og helg. Den nye legen må rekne med å delta i legevakt om lag 2-3 vakter per månad. Legevakt innan vanleg arbeidstid på kvardagar vert delt mellom dei tre legane.
Kvalifikasjonar:
  • Vi ynskjer å tilsetje ein lege med/under spesialisering i allmenmedisin. For legar som ikkje har spesialisering innan allmenmedisin, tilbyr vi eit LIS3-løp for dette. Det vil verte vurdert bindingstid. LIS1-legar er også velkomen til å søkje på stillinga. 
  •  
    God IKT- og systemkompetanse
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
  • Sidan legetenesta i Gulen kommune er eit relativt lite legekontor med ein travel og spennande arbeidskvardag, er det viktig at den nye legen er stabil og kan bidra i arbeidsfellesskapet ved å vere sjølvstendig, pliktoppfyllande og yte tenester av god fagleg kvalitet. 
  • Legen må også vere fleksibel og kommunisere/samarbeide godt med pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Det vert stilt krav om at legen kommuniserer svært godt på norsk - både munnleg og skriftleg. Legen må ha bestått norskprøve på B2-nivå.
  • Personleg eignaheit vil verte vektlagt ved tilsetjing.
Anna:
  • Søkjarane må gje opp minimum to referansar i søknaden
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
 
Vi tilbyr:
  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp med å skaffe bustad
  • Triveleg arbeidsmijlø 
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Kontaktpersoner
Navn: Anita Pettersen
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 91880185
Navn: Elizabeth Høydal
Tittel: Einingsleiar helse
Telefon: 57782065
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
,
5966 EIVINDVIK
Søk på stillingen