Kort om arbeidsgiver
Haugesund sjukehus er det største sjukehuset vårt. Haugesund er ein kystby med lang historie og regionen har rundt 180 000 innbyggjarar. Her er vakker natur og fleire store kulturfestivalar. Regionen har eit betydeleg næringsliv særleg innan maritime verksemd, industri og handel, høgskule med fagmiljø innan helse, økonomi/administrasjon og ingeniørfag og internasjonal lufthamn.

Augeseksjonen ved Haugesund sjukehus har ledig fast stilling for overlege. Lege i spesialisering med fullført gruppe 1-teneste innan augefaget kan også søkje.

Vi har ein moderne augeseksjon i lyse og trivelege lokalar. Vi har 5 overlegestillingar og 2 LIS-stillingar. Vi legg vekt på eit høgt fagleg nivå og har godt samarbeid med førstelineteneste og private aktørar.

Augeavdelingen har ca. 13 000 polikliniske konsultasjonar i året. Vi utfører: øyelokkskirurgi, strabismeoperasjonar, trabekulektomiar, cataractoperasjonar, diverse tåreveisoperasjonar, injeksjonsbehandlingar med anti-VGF hemmarar og Ozurdex og laserbehandling av diverse tilstandar.

Arbeidsoppgåver
  • Arbeid med poliklinikk, operativ verksemd og oppfølging av pasientar på sengepost (1 fast på sengepost)
  • Rettleiing av legar i spesialisering
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon
  • Spesialistgodkjenning innan øyefaget, eventuelt fullført gruppe 1-teneste innan øyefaget
  • Relevant medisinsk fagleg arbeidserfaring
  • Må vere god i norsk/nordisk språk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
  • Strukturert og effektiv
  • Pasientorientert
  • Gode samarbeidsevner og god til å arbeide i team
  • Gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
  • Lønn etter avtale i samsvar med gjeldande overenskomst med DNLF
  • Medlemskap i pensjonsordning, gode forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Trenger du hjelp med bostad eller anna ved flytting, ta kontakt for å høre hvordan vi kan hjelpe deg.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Elvisa Selimovic
Tittel: Funksjonsleiar
Telefon: (+47) 413 22 478
Navn: Jan Seemann
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 948 91 971
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
,
5528 HAUGESUND