Kort om arbeidsgiver

Vil du bli vår nye kollega?

Kirurgiske legar, Molde sjukehus søkjer overlegar i kirurgi. Seksjonen i Molde har ansvaret for det kirurgiske tilbodet i Nordmøre og Romsdal.

Seksjonen har i dag spesialister i generell kirurgi, gastrokirurgi, urologi og plastikkirurgi.
Vi ønskjer i første rekkje spesialistar i gastrokirurgi og urologi, men også andre spesialistar i kirurgi er velkomne til å søkje!

Vi kan tilby:

  • Eit godt poliklinisk  og dagkirurgisk tilbud innan dei kirurgiske spesialitetane.
  • To sengepostar for inneliggande pasientar, dette i tillegg til kirurgisk intensivavdeling.
  • Eit stort tverrfagleg miljø, og eit nært samarbeid med andre faggrupper i helseforetaket.
  • Open og laparoskopisk kirurgi.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling.
Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har
fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar
seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. 

Les meir om Romsdalen og molde her

Arbeidsoppgåver

  • Behandle pasientar med sjukdomar i øvre og nedre del av mage-, tarm-regionen inkludert coloncanser og stomioperasjonar.

Kvalifikasjonar

  • Dersom søkjar har ein annan spesialitet vil det vere andre krav til kompetanse.
  • Gode vurderingsevner, og ha forståing av kva type pasientar som bør opererast.
  • Kunne beherske operativ teknikk med spesielt definerte ferdigheiter innan sitt greinområde.
  • Følge opp pasienten på ein tilfredsstillande måte.
  • Ha godt samarbeid og kommunikasjon rundt den kirurgiske pasienten.

Personlege eigenskapar

  • Ha ambisjonar for fagleg utvikling/forsking for å vere oppdatert både på legevitenskap og teknologi.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Kenneth Klemetzen
Tittel: Seksjonsleiar(lege)
Telefon: 712 52 236
E-post: Kenneth.Klemetzen@helse-mr.no
Navn: Ingrid Vasdal
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 71120000
E-post: Ingrid.Vasdal@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgiske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde