Kort om arbeidsgiver

Vil du jobbe saman med oss?

Vi har ledig vikariat for lege i spesialisering (LIS) innan lungesjukdomar med oppstart 1. september 2021. Vi vil sørgje for at du tilegner deg læringsmål og ferdigheiter både innanfor lungemedisin og andre indremedisinske fag ved rotasjon på sengepost, og ved å delta i poliklinisk aktivitet òg innanfor generell indremedisin. LIS 2/3-legar deler sekundærvakta.

Medisinsk avdeling i Kristiansund har eit aktivt og velfungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering (LIS). Legar ved medisinsk avdeling har ansvar for pasientar innanfor ulike fagområder som hjarte- og lungesjukdomar, fordøyelsessjukdomar, medisinsk kreftbehandling og hematologi, hjerneslag, nyresjukdomar og geriatri. Avdelinga har òg ansvaret for overvakingssenger på felles intensivavdeling, samt mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak. Avdelinga har spesialistar i generell indremedisin med greinspesialitetar innan gastroenterologi, lungemedisin, hematologi, kardiologi, geriatri og nefrologi. Avdelinga har òg LIS1-legar og studentar frå NTNU.  

Visste du dette om Kristiansund?

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Arbeidsoppgåver

  • Visittgang sengepost 
  • Polikliniske konsultasjonar
  • Akuttmedisin/ mottaksarbeid 
  • Mogelegheit til deltaking i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført LIS1 teneste
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv og lærevillig  
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du kommuniserer godt både internt og eksternt 
  • Du har stor evne til å kunne arbeide tverrfagleg 

Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eit breitt indremedisinsk fagmiljø 
  • Opplæring i eit stort utvalg av indremedisinske prosedyrar og læringsmål 
  • Eit hyggeleg kollegium med tett samarbeid mellom ulike fagområder
  • Aktiv internundervisning
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd

Vi ber om at attester og vitnemål skannes og lastes opp som vedlegg til din CV.

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Åge Austheim
Tittel: Seksjonsleiar
E-post: Age.Austheim@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei
6508 Kristiansund
Søk på stillingen