Kort om arbeidsgiver

DPS Ålesund poliklinikk har ledig fast stilling som psykiater fra 01.10.21.

Poliklinikken er organisert i 3 team. Gruppebehandling, ROP, og Allmennteam. Stillinga er i Allmennteam. For tida arbeider vi med å utvikle ei organisering slik at den einskilde kan bruke meir tid på å bli god på nokre oppgåver. Allmennteamet er derfor delt i fire til dels spissa mindre team. Vi trur dette vil gjere både arbeidskvardagen til medarbeidarane og det faglege tilbodet betre. I poliklinikken er det mange spesialistar både innan psykologi og psykiatri. Psykiatarar har ei viktig rolle i DPS Ålesund poliklinikk. Vi har eit engasjert fagmiljø som er opptatt av å utvikle seg sjølve og pasienttilbodet. 

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
  • Samarbeid med medarbeidarar i poliklinikken og øvrige einingar i DPS og elles i klinikken
  • Deltaking i vaktordninga i klinikken
  • Vurderingssamtalar med pasientar mtp avklaring av vidare tiltak
  • Medisinvurderingar av teamets pasientar ved behov
  • Ansvar for inntak etter avtale
  • Delta i poliklinikkens utvikling av spesialiserte tilbod

Kvalifikasjonar

  • Godkjent spesialist i psykiatri 
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå poliklinisk arbeid
  • LIS kan òg søkje dersom det er mindre enn 6 mnd til forventa sluttført utdanning

Personlege eigenskapar

  • Positivt innstilt til nye arbeidsformer innan psykiatri/ psykisk helsevern
  • Evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
  • Fleksibilitet kring arbeidsoppgåver
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Personleg eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Eit fagmiljø som vil utvikle helseteneneste for framtida
  • Godt og støttande arbeidsmiljø med fagleg engasjerte kollegaer 
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Rekrutteringstillegg
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Håvard Helgesen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70167326
E-post: Havard.Helgesen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Geilebergveien 20
6017 Ålesund
Søk på stillingen