Kort om arbeidsgiver

Vil du jobbe saman med oss?

Vi har ledig vikariat i 100 % stilling for lege i spesialisering (LIS) innan anestesiologi. Vikariatet er for 18 månader med oppstart 01.09.2021. Seksjon for anestesilegar i Kristiansund er ein del av Avdeling for kirurgi i Klinikk sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR).

Visste du dette om Kristiansund?

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må ha gjennomført LIS1
  • Må har gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du har pågangsmot og er fleksibel
  • Du er kreativ og nytenkjande 
  • Du har god evne til samarbeid og formidling av kunnskap
  • Du arbeider strukturert og sjølstendig

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Peter Tolnai
Tittel: Seksjonsleiar ( lege)
E-post: Peter.Tolnai@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Anestesileger Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund