Kort om arbeidsgiver

Vi har ledig 100 % fast stilling som overlege ved Spesialisert habilitering Sunnmøre, kontorstad Ålesund.

ØNSKER DU EI OVERLEGESTILLING UTAN VAKTARBEID?
Vi søker etter overlege til vår habiliteringsseksjon, gjerne med spesialisering innan psykiatri, nevrologi, fysikalsk medisin eller allmennmedisin. Arbeidstida er frå kl. 08:00 – 16.00.
Spesialisert habilitering Sunnmøre er organisert som eigen seksjon i avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre. Seksjonen vil flytte til nytt samlokalisert habiliteringsbygg med Barnehabiliteringa i januar 2021.

Seksjonen gir spesialisttenester til pasientar med medfødde og tidleg erverva funksjonsnedsettelsar. Dette omfattar komplekse og samansette funksjonshemmingar knytta til nevropsykiatriske og nevromuskulære lidingar, utviklingsforstyrringar og genetisk betinga tilstandar. Pasientane har ofte tilleggsproblematikk med psykisk utviklingshemming, spesifikke lærevanskar og samansette psykiatriske og nevrologiske lidingar.

Seksjonen har i dag 15 stillingar (to overlegar, to psykologar, vernepleiarar, spesialpedagog, fysioterapeut, sosionom, barnevernspedagog og sekretær). Seksjonen gir eit poliklinisk og ambulant tilbod til innbyggarar på Sunnmøre. 

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. 

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostikk og oppfølging av samansette nevromuskulære, genetiske, psykiatriske og nevropsykiatriske tilstandar hos målgruppa
  • Deltaking i tverrfagleg habiliteringsarbeid, herunder rettleiing/kurs retta mot pasientar, pårørande og primærhelsetenesta
  • Tett samarbeid med spesialistar i HMR og med fastlegar/kommunelegar
  • Deltaking i fagutvikling, forskning og andre tiltak for kompetanseheving i seksjonen
  • Utgreiing foregår poliklinisk, eventuelt gjennom ambulante observasjonar i pasienten sitt heimemiljø, då i samarbeid med andre faggrupper

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter spesialist i psykiatri, nevrologi eller fysikalsk medisin, men spesialist i allmenmedisin med relevant erfaring er også velkomne til å søkje
  • Vi forutset at søkjar meistrar norsk/skandinavisk språk, både skriftlig og munnleg
  • Må ha førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Evne til sjølvstendig planlegging og gjennomføring av arbeidet
  • Gode evner til samarbeid i eit tverrfagleg miljø

Vi tilbyr

  • Eit tverrfagleg miljø med kvalifiserte og engasjerte kollegaer
  • Eit spennande fagområde som er i utvikling
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Det er tilrettelagt for eit tett samarbeid med erfarne psykiatere i avdeling psykisk helse gjennom deltaking på internundervisning, saksrettleiing og hospitering
  • Deltaking i nasjonalt nettverk for habiliteringslegar, med årlege fagsamlingar
  • Dagarbeidstid med fleksitidsordning og sjølvstendig planlegging av eigne arbeidsdagar
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Hilde Husby
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 41554505
E-post: Hilde.Husby@helse-mr.no
Navn: Iris Relling Nielsen
Tittel: Overlege
Telefon: 70106136
E-post: Iris.Relling.Nielsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Spesialisert habilitering Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillingen