Kort om arbeidsgiver
Etne kommune opprettar 2 nye fastlegeheimlar. Er du vår nye fastlege?
Fastlegetenesta i Etne kommune er fordelt på to legekontor, eit i Etne og eit i Skånevik. I praksisen er det 5 legar og 6
hjelpepersonell. Kommunen opprettar nå 2 nye heimlar då fleire av fastlegane våre har ønske om listereduksjon. Dei nye
legeheimlane har henholdsvis 500 pasientar og 850 pasientar. Etne kommune kjøpte heimlane til fastlegane i 2019/20 og det er
ingen "goodwill" på lista. Fastlegane er sjølvstendig næringsdrivande med økonomisk samarbeidsavtale med kommunen.

Arbeidsoppgåver
- Heimel 1: 850 pasientar. Ingen kommunal stilling tilknytta heimelen per nå. God økonomisk samarbeidsavtale med kommunen.
- Heimel 2: 500 pasientar. Ingen kommunal stilling tilknytta heimelen per nå. God økonomisk samarbeidsavtale med kommunen.
- Legevakt. Etne og Vindafjord har interkommunal legevakt som er lokalisert i Ølen. Etne har ansvar for å dekke 1/3 av alle vakter
som vert fordelt på legane. Legane har fastlønn i legevaktsordninga.

Kompetanse
Ønskje om Spesialist allmennmedisin og/eller i spesialisering allmennmedisin.
Krav til norsk autorisasjon som lege med godkjent LIS1 teneste, og refusjonsrett frå HELFO.
Krav til at søkjar beherskar norsk godt.
Krav om førarkort kl B
Krav om erfaring som fastlege

Personlege eigenskapar
Gode kommunikasjonsevner.
God evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre.
Personlege eigenskapar og klinisk erfaring vil bli vektlagt ved tildeling av heimel

Annan informasjon
Vi ber om at søknad vert sendt elektronisk.
Politiattest framlagt ved tildeling av heimel
Me ber og om at de opplyser om minimum 2 referansar av nyare dato
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Etne kommune
Kontaktpersoner
Navn: Gurine Fosse
Tittel: Helseleiar
Telefon: 905 45 595
E-post: gurine.fosse@etne.kommune.no
Navn: Elisabeth Winterthun
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 93041524
E-post: elisabeth.gunleiksrud@etne.kommune.no
Hjemmeside
Søknad
Søknad merkes: Fastlege
Send søknad på mail
Arbeidssted
Etne legesenter
Holmavegen 8
5590 ETNE
Søk på stillingen