2 x 100% faste stillingar ledige frå snarast. ID 1906
Søknadsfrist: 06.06.21
Me ynskjer deg velkomen som søkar til legestilling med ekte distriktsmedisin og ein fagleg variert og interessant arbeidskvardag i vår flotte kommune!
Vinje kommune har ca. 3 700 innbyggarar og ligg sentralt i Sør-Norge med storslått natur. Me kan by på fantastiske opplevingar på ski, sykkel, fiske, fotturar og gode kulturtilbod. Me er Noregs fjerde største hyttekommune .
Vinje har gode utbygde og moderne helsetenester, barnehagar, grunnskular og universitet Campus Rauland. Kulturhus med kulturskuletilbod, symjehallar, idrettshallar og bibliotek .
Kommunen som organisasjon er framoverlent og arbeider for å levera framtidsretta tenester som skal opplevast gode og effektive for innbyggarane våre.
Vinje legekontor
Me er eit veldrive og moderne kommunalt senter med 6 fastlegar og 2 LIS1 stillingar. Legeavdelinga i Vinje kommune har hovudkontor i Åmot med utekontor i Rauland og Edland. Stillinga kan omfatte teneste ved utekontora. Det er totalt 3 700 pasientar fordelt på 6 lister. Listetak per fastlegeliste er 680.  Det er 10 tilsette som hjelpepersonell (9 sjukepleiarar og 1 helsesekretær).
Kommunen har eigen kols og diabetes-sjukepleiar knytt til legekontoret. Tilbodet blir i år utvida med hjertesvikt-poliklinikk med eigen hjertesviktsjukepleiar. Det er eigen dialyseavdeling på huset- satelittavdeling frå Sjukehuset Telemark. Me har stort fokus på team og tverrfagleg samarbeid. 
Alle tre kontora har berbar ultralyd.
Vinje kommune samarbeider med Tokke kommune om felles legevaktordning, og er vert for samarbeidet. ‪Legevakta er 11-delt med overkomeleg arbeidsbelastning.
Legeavdelinga har ein lege som er spesialist i allmennmedisin og 5 som er under spesialisering. ‪
Om stillinga
Arbeidsoppgåvene vil vere fastlegearbeid, kurativ arbeid, legevaktarbeid, ø-hjelp og kommunale oppgåver som tilsynsfunksjon ved sjukeheim/institusjon, helsestasjon og veiledning for turnuslegar.
Krav til kvalifikasjon
  • Godkjent utdanning som lege med norsk autorisasjon
  • Erfaring frå kurativt arbeid og legevakt
  • Interesse og erfaring for distriks- og allmennmedisin og internkommunalt helsesamarbeid
  • Gode norskkunnskapar
  • Førarkort klasse B
  • Personleg eigenskapar blir vektlagt
  • Gode samarbeidsevne og fleksibilitet
Me kan tilby
  • Konkurransedyktig fast lønn
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar via KLP
  • 7 veker ferie/ år
  • 10 dagars kurs/utdanning per år
  • Fast skjerma administrasjon dag/ per veke
  • ½ dag avspasering etter legevakt
  • Rettleiing og tilrettelegging for oppstart i spesialist allmennmedisin
  • Gode kollegaer
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, fleksibilitet og gode samarbeidsevner.
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. Den som vert tilsett, må legge fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkarane offentleggjerast.
Søknad må sendaast på elektronisk skjema. Skjema finn du her
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Vinje kommune
Arbeidssted
Vinjevegen 212
3890 VINJE