Kort om arbeidsgiver

Nevrologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus, har frå 01. september ledig 3 faste stillingar for lege i spesialisering i Nevrologi. 

Nevrologisk avdeling driv akuttbehandling, kompleks utgreiing og rehabilitering av nevrologiske lidingar. Avdelinga har ein akuttpost med 30 senger som inneheld slageining, ein dagpost, ein rehabiliteringspost for ryggmargsskader og ein poliklinikk. Nevrologisk avdeling samarbeider med dei andre akuttavdelingane om mottak av akuttpasienter i felles akuttmottak. Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialist-utdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Avdelinga har om lag 30 legeårsverk.

I avdelinga arbeider LIS i team med overlegar, sjukepleiarar og personell frå fleire tverrfaglege grupper, som kvar dag gjer sitt beste for å gje pasientane god utgreiing og behandling. Det gode samarbeidet mellom dei ulike yrkesgruppene er avgjerande for resultatet og vi jobbar kontinuerleg med å forbetre arbeidsprosessane. I Nevrologisk avdeling har vi også eit av landets fremste forskingsmiljø innanfor nevrologi, og gode høve for å engasjere seg i forsking for interesserte LIS. Kvar LIS får eigen rettleiar. Vi legg vekt på at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig. LIS får tidleg erfaring med eigen poliklinisk aktivitet, under tett supervisjon frå erfarne spesialistar. 

Avdelingssjefen er leiar for legegruppa og arbeider saman med legekollegiet for å skape eit trygt og sterkt fag- og arbeidsmiljø.

Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette.

Arbeidsoppgåver

  • LIS har ansvar for forvaktsfunksjonen, som for tida er 13-delt (delte dag- og nattevakter)
  • LIS legar deltar i postarbeid og i arbeid ved poliklinikk med utgreiing og behandling av ulike nevrologiske lidingar
  • LIS har oppgåver knytt til praktisk undervising av medisinarstudentar

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i nevrologi
  • Det blir lagt vekt på relevant arbeidserfaring.
  • Det blir lag vekt på faglig bakgrunn og motivasjon.

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for nevrologifaget, og ønskjer å utvikle fagleg interesse og klinisk erfaring i eit aktivt fagmiljø
  • Du vil bidra til godt samarbeid og eit godt arbeidsmiljø 
  • Du arbeider strukturert, effektivt og målretta 
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer 
  • Du er punktleg og påliteleg 
  • Du meistrar norsk både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Sterkt fagleg miljø
  • Personleg utvikling
  • Eit triveleg og tverrfagleg samarbeid med mange erfarne og dyktige kollegaer
  • Gode høve til forsking
  • Ein leiar som er opptatt av at medarbeidarane skal trivast
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst  

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Petter Schandl Sanaker
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55976059
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Haukelandsveien 22
5009 Bergen