Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig 3 faste stillingar for overlege ved Nevrologisk avdeling frå 01.09.2021. Stillinga vil inngå i delt bakvakt, for tida 17-delt bakvakt.

Nevrologisk avdeling driv akuttbehandling, kompleks utgreiing og rehabilitering av nevrologiske lidingar. Avdelinga har ein akuttpost med 30 senger som inneheld slageining, ein dagpost, ein rehabiliteringspost for ryggmargsskader og ein poliklinikk. Nevrologisk avdeling samarbeider med dei andre akuttavdelingane om mottak av akuttpasienter i felles akuttmottak. Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi. Avdelinga har om lag 30 legeårsverk.

Avdelinga legg vekt på arbeid i team, der overlegar, LIS, sjukepleiarar og personell frå fleire tverrfaglege grupper kvar dag gjer sitt beste for å gje pasientane god utgreiing og behandling. Det gode samarbeidet mellom dei ulike yrkesgruppene er avgjerande for resultatet og vi jobbar kontinuerleg med å forbetre arbeidsprosessane. Som overlege i avdelinga er det forventa at ein tar medansvar for å utvikle fagleg praksis og gode rutinar både i avdeling og i føretaket, når det er aktuelt. Ein vert og ansvarleg for rettleiing og undervising av LIS. 

I Nevrologisk avdeling har vi eit av landets fremste forskingsmiljø innanfor nevrologi. Avdelinga legg til rette for kombinasjon av forsking og klinisk arbeid. Avdelingssjefen er leiar for legegruppa og arbeider saman med legekollegiet for å skape eit trygt og sterkt fag- og arbeidsmiljø. Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av nevrologiske lidingar. Arbeidsoppgåver vert tildelt ifølgje avdelingas behov og i samråd med den enkelte
  • Overlegar deltar for tida i 17-delt bakvaktsordning

Kvalifikasjonar

  • Godkjend norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i nevrologi
  • Det blir lagt vekt på forskingserfaring

Personlege eigenskapar

  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Bidra til godt samarbeid og eit godt arbeidsmiljø
  • Meistre norsk både skriftleg og munnleg
  • Vere villig til å utføre oppgåver der avdelinga til ein kvar tid har behov

Vi tilbyr

  • Fagleg og personleg utvikling i eit sterkt fagleg og triveleg miljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Petter Schandl Sanaker
Tittel: Avdelingsjef
Telefon: 55976059
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 BERGEN