Kort om arbeidsgiver
NAV Vestland søker ein koordinerande rådgjevande overlege (KROL) i 100% stilling for den rådgjevande legetenesta i fylket. Tenesta består i dag av sju legar fordelt på ca. 4,2 årsverk.
Legetenesta i NAV ynskjer å fremja godt samarbeid med fastlegar og resten av helsevesenet. Vi søkjer derfor leger med engasjement og interesse for samfunnsmessige og trygdemedisinske spørsmål, og for NAV som samfunnsaktør. Yrkesdeltaking er eit undervurdert helsegode, og den rådgjevande legetenesta har ei viktig rolle  i å fremme dette perspektivet. Dette gir spanande utfordringar innafor NAV sine visjonar og mål. 
Vi er opptekne av å utvikle eit godt fagmiljø for våre rådgjevande leger. KROL har ein naturleg rolle i dei faglege foruma for høvesvis dei rådgjevande legene og for dei koordinerande rådgjevande overlegene som Arbeids- og velferdsdirektoratet legg til rette for. Dei faglege foruma skal vere arenaer for diskusjon, refleksjon, læring og kvalitetsutvikling.

Arbeidsoppgåver
  • Vere ein brubyggar mellom NAV og helsevesenet
  • Sikre at den rådgjevande legetenesta vert utført i samsvar med styringssignal og sentrale føringar
  • Vere bindeledd og fagleg koordinator for dei rådgjevande legane
  • Syte for nødvendig og hensiktsmessig opplæring av dei rådgjevande legane  og bidra til heilskapleg praksis 
  • Ivareta fagleg ansvar for rettleiing og medverke til systematisk kvalitetsutvikling av den rådgjevande legetenesta
  • Vere medisinsk ressursperson for rådgjevarar og andre medarbeidarar i NAV
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege, cand.med
  • Brei medisinsk kompetanse, gjerne innan allmennmedisin, arbeidsmedisin, samfunnsmedisin, fysikalsk medisin, psykiatri eller andre relevante spesialitetar 
  • Fagleg dyktig, med interesse for og forståing for trygdemedisin og NAV si rolle som samfunnsaktør 
  • God digital kompetanse, og vera fortruleg i bruk av ulike elektroniske samhandlings- og saksbehandlingsløysingar 
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter på norsk
Personlege eigenskaper
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide målretta, nøyaktig og effektivt
  • God evne til å samarbeide og arbeide tverrfagleg i samarbeid med andre legar og tilsette utan medisinsk utdanning
  • Gode pedagogiske evner
  • Engasjement for det samfunnsmedisinske fagfeltet
Vi tilbyr
  • Krevande, spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Deltaking i landsdekkande nettverk for rådgivande legar i NAV
  • Tilsetting i stillingskode 1250 rådgivande overlege med lønsspenn frå kr. 924 200 - kr. 1 190 000 per år.
  • God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2%)
  • Arbeidstid på 36 timer i full stilling og moglegheit for fagleg utvikling gjennom utdanningspermisjon med løn, jf. særavtale om arbeidsvilkår for rådgivande legar i NAV
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
NAV
NAV Vestland, Avdeling for tenesteutvikling
Kontaktperson
Navn: Knut Steinar Eitungjerde
Tittel: Leiar avdeling for tenesteutvikling
Telefon: 41 62 50 04
E-post: knut.steinar.eitungjerde@nav.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
NAV Vestland
C. Sundts gate 29
5004 BERGEN