Kort om arbeidsgiver
Volda kommune har ein fastlege som innan eit par år skal gå av med pensjon. Vi lyser derfor ut ei deleliste. Fastlegeheimelen er lokalisert til Hornindal legekontor. Hornindal legekontor har i dag to fastlegar og ein LIS1 lege. Det er i dag 850 innbyggarar på lista.

Volda kommune eig og driv Hornindal legekontor med kommunalt tilsett hjelpepersonell. Fastlegane i Hornindal har ein avtale etter ASA4310, pkt 8.2 og betalar per i dag ikkje husleige til kommunen. Fastlegane driv privat næringsverksemd.

Deltaking i interkommunal legevaktordning inngår i arbeidet med fastlegeheimelen og det kan bli aktuelt med kommunale allmennlegeoppgåver.

Vi søker etter deg som har:
  • Godkjent utdanning som spesialist i allmennmedisin, alternativt er under spesialisering
  • Gode evner i norsk munnleg og skriftleg
  • Overtaking av fastlegeheimel føreset fremlegging av tilfredsstillande politiattest.
  • Positiv innstilling og fagleg engasjement.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne

Vi tilbyr:
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt fagleg miljø med dyktige og positive kollegaer
  • Listestorleik og kommunal bistilling vil bli avtalt slik at arbeidsmengd vil vere høveleg
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Volda kommune
Kontaktperson
Navn: Inger Lise Kaldhol
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 98477079
E-post: inger.lise.kaldhol@volda.kommune.no
Arbeidssted
Hornindal legekontor
Grøddesvegen
6763 HORNINDAL