Kort om arbeidsgiver
Etter nesten 40 år går vår kommuneoverlege av med pensjon. No ønskjer vi å etablera ein ny modell for legetenesta, der vi har beredskap på Fedje heile døgnet. Ordninga skal innførast seinast 01.01.2022. I utgangspunktet vil kommuneoverlegen arbeide to veker, medan to andre legar arbeider ei veke kvar. Du er på vakt heile døgnet når du er på arbeid. Vaktbelastinga er høg, men vaktene er vanlegvis fredelege. Legekontoret er ope tre dagar i veka, er utstyrt med nødvendig medisinsk utstyr og er samlokalisert med sjukeheimen. I tillegg til fastlegeoppgåver og legevakt, har legen faste dagar på sjukeheimen og helsestasjonen.

Fedje kommune har som mål at alle innbyggjarar skal ha tilgang til gode allmennlegetenester, tilpassa sine behov. Vi ynskjer først å få på plass kommuneoverlegen 67% stilling, som kan vere med på å utvikle tenestene i løpet av 2021. Det er fast tilsetjing, og legekontoret vert drive av kommunen.

Dei to andre legane jobbar ei veke kvar i månaden. Desse kan verte fast tilsette, eller få fast honorar som næringsdrivande. Det kan verte 9 - 10 veker i året på kvar av desse to vikarlegane. For å dekkje full legevakt søkjer vi i tillegg etter ein lege som går berre helgevakter.
Til kommuneoverlegestillinga er det krav om samfunnsmedisinsk utdanning. Om du ikkje fyller krava til samfunnsmedisinsk utdanning, kan Fedje kommune vurdere mogleg samarbeid om felles kommuneoverlegetenester. Tilsetjinga vil i så fall vere i ei kommunelegestilling 67% med fastlegetenester og legevakt.
 
Ansvar og oppgåver
Ny kommuneoverlege vil kunne medverke til utforminga av stillinga sitt innhald, men følgjande oppgåver er sentrale:
- Følgje opp kommunen sitt ansvar for fastlege- og                                         legevakttenester.
- Drive medisinskfagleg rådgjeving og bidra aktivt i det overordna                 folkehelsearbeidet
- Tilsynslege på Fedje sjukeheim
- Helse- og skuleteneste  
- Miljøretta helsevern
- Smittevern, leiing og koordinering av kommunen sitt arbeid i                      samarbeid med t.d. pandemiar
- Ansvar for å følgje opp kommunen sitt lovpålagte og                                    førebyggjande arbeid innanfor ansvarsområdet.

Dette inneber m.a. å sikre at kommunen har gode planar.
- Samarbeid med overordna helsemynde, helseføretak, Mattilsynet               og samarbeidskommunar.
-  Utviklingsarbeid og sikre effektive tenester med vekt på                              førebygging og effektiv drift.
- Sikre god kunnskapsutvikling, erfaringsdeling og eit godt                             inkluderande arbeidsmiljø  
- Stillinga inngår i kommunen si kriseleiing
 
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon
- Spesialist i allmennmedisin
- Spesialist i samfunnsmedisin eller under utdanning til dette (gjeld               kommuneoverlegestillinga)
- Norskkunnskapar på minimum nivå B2
- Erfaring frå kommunehelseteneste og leiing er ynskeleg
- Gode IT-ferdigheiter
- Førarkort kl. B
 
Personlege eigenskapar
- Systematisk, fleksibel og løysningsretta
- Oppteken av å løfte fram andre – god rolleforståing
- Er interessert i og trivest med utviklingsoppgåver og innovasjon
- Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner
- Robust og stor arbeidskapasitet – klarer å stå i krevjande                             situasjonar og ta leiinga
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
 
Me tilbyr
-  Arbeidsvilkår i tråd med gjeldande tariffavtale
-  Pensjonsavtale i KLP
-  Fastløn etter avtale
-  Spennande utviklingsoppgåver og tverrfagleg miljø
-  Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
-  Flyttegodtgjersle etter avtale
-  Hjelp til å skaffe bustad/tomt
-  Gratis barnehage og eit godt oppvekstmiljø
-  Svømmebasseng
-  Eit variert kultur- og idrettstilbod
 
Tiltreding kommuneoverlege 67% medio september, dei andre stillingane seinast 01.01.2022

Du må legge fram tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månadar før du kan ta til i stillinga.

Me ønskjer to referansar i søknaden. Vitnemål, attestar og autorisasjon kan leggjast fram i evt. intervju. Du søkjer på stillingane ved å trykke på  den grøne knappen «Send søknad» oppe til høgre.

NB! Last opp din CV frå Word eller sosiale medium - slik vert søknaden mykje lettare.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
FEDJE KOMMUNE HELSE- OG SOSIALETATEN
Helse og Sosialetaten
Kontaktperson
Navn: Annika Tvedt Villanger
Tittel: Helse og Omsorgssjef
Telefon: 45416956
E-post: postmottak@fedje.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Fedje Kommune
Stormarkvegen 49
5947 FEDJE
Søk på stillingen