Kort om arbeidsgiver
Kort om avtalen og kontoret
Alver kommune har ledig fastlegeavtale ved Lindås legekontor. Legekontoret er eit av 8 legekontor i kommunen. Lista er for tida på ca. 900.

Lindås legekontor er lokalisert på Lindås senter i Alver kommune, ca. 50 minutt køyretid frå Bergen sentrum. Legekontoret har 3 legar, samt kommunalt tilsett hjelpepersonell med lang erfaring. Praksisen nyttar Infodoc journalsystem. Det er etablert kvalitetssystem i kommunen.

Vilkår
Kommunen sørger for lokale, utstyr, IKT og hjelpepersonell. Kommunen fakturerer legane etter nærare avtale. Noverande fastlege har vore fastløna, og går over i anna stilling i kommunen. Dei to andre legane er næringsdrivande og har vore stabile i mange år. Ny heimelshavar må kunne inngå samarbeidsavtale med dei andre legane. Om ønskjeleg treng ny heimelshavar ikkje å løyse inn praksisen. Kommunen vil i så fall stå som eigar av praksisen, og overta denne når heimelshavar sluttar.

Det er mogleg med bistilling innan offentleg allmennmedisinsk arbeid. Ønskje om slik stilling må opplysast om i søknaden.

Du må ha rett til refusjon frå Helfo. Det er ønskjeleg med erfaring frå fastlegepraksis. Viss du ikkje er spesialist i allmennmedisin er det krav om at du gjennomfører utdanningsaktivitetar som fører fram til spesialistgodkjenning. Alver kommune er godkjend av Helsedirektoratet som utdanningsverksemd. Kommunen vil legge til rette for spesialistutdanning, og utarbeide ein individuell utdanningsplan i samarbeid med heimelshavar og rettleiar.

Den som får heimelen må ta del i kommunen si legevaktordning. Interkommunal legevakt er lokalisert i Knarvik.

Kriterier
Vi ønskjer deg som er glad i variert allmennpraksis, og som ønskjer å vere ein stabil ressurs for pasientar og medarbeidarar. Du må kunne samarbeide med både legane og hjelpepersonellet, og delta i gjensidig fråversdekning ved kontoret. Personlege eigenskaper vert derfor tillagt stor vekt. Du må ha god norsk språkutøving og kulturforståing.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit fagleg godt tilbod.

Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av sentralt avtaleverk. Det må leggjast fram politiattest.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Alver kommune
Kontaktpersoner
Navn: Bente Karin Bø Taule
Telefon: +47 47459725
Navn: Tord Moltumyr
Telefon: +47 95118589
Arbeidssted
Lindås legekontor
5906 FREKHAUG