Kort om arbeidsgiver
Herøy kommune har 8850 innbyggjarar. Om lag 3700 av desse får i dag si fastlegeteneste utført av legevikarar på kontrakt. Av desse er 650 personar på ledig liste ved Myrvåg legesenter, og resten på ledige lister ved Herøy legesenter (pr. i dag fordelt på tre lister). Herøy kommune søkjer etter fastlegar for desse innbyggjarane.

Kommunen tilbyr ALIS-avtalar. For desse gjeld at dei må ha gjennomført LIS1, og at dei har ønske om å starte spesialisering i allmennmedisin, eller ønsker å prøve ut fastlegearbeid i minimum eit år.
Kommunen har to legesenter: Herøy legesenter og Myrvåg legesenter. I løpet av juli vert det i tillegg etablert ein solopraksis på Bergsøya av ein av fastlegane..
Myrvåg legesenter har hatt stabile fastlegar over tid. I tillegg til vakant heimel og LIS1, er her tre faste legar, der to av desse er spesialistar i allmennmedisin.
Herøy legesentar har hatt utskifting og omfattande vikarbruk særleg dei fire-fem siste åra. Vi søker difor etter legar som tenker det vil vere spanande å få vere med på å bygge opp og forme tenestetilbodet ved legesenteret

Kommunen har 8.2-avtalar der kommunen dekker ein del av kostnadane

Frå 1.juni har vi legevaktsamarbeid med Søre Sunnmøre legevakt på kveld/helg/natt. 

Plan for legetenesta er under arbeid og er forventa vedtatt juni 2021. Denne vil verte styringsdokument for legetenesta i Herøy kommune.

Vi har ledig
  • ein fastlegeheimel ved Myrvåg legesenter
  • 4-5 fastlegeheimlar ved Herøy legesenter. Vi ønsker oss legar som vil vere med på å stabilisere legetenesta og forme tilbodet ved legesenteret
Det er ingen kostnadar ved overtaking av heimlane (8.2-avtalar som har vore lyste ut to minst gongar)

Pr. i dag er det ikkje knytt allmennlegeoppgåver til heimlane, men dette kan vere aktuelt ut i frå kommunen sitt behov og søkande legar sine ønske. 
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Herøy kommune Møre og Romsdal
Barn familie og helse
Kontaktperson
Navn: Runa Bakke
Tittel: Avdelingsleiar barn, familie og helse
Telefon: 91621147
E-post: runa.bakke@heroy.kommune.no
Søknad
Søknad merkes: Legeheimel Herøy/Myrvåg
Arbeidssted
Herøy kommune i M&R
Eggesbøvegen/Dragsundvegen
6092 FOSNAVÅG