Kort om arbeidsgiver

Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund.

Poliklinikken i Ålesund (BUP) er samlokalisert med akutt sengepost og har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Personalet vårt på poliklinikken består av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege,  geografisk organiserte team. I tillegg har vi småbarnsteam, akutt/ambulant team og eit spesialisert OCD-behandlingsteam. Utvikling av høgt spesialisert behandlingskompetanse i forhold til enkelte lidelsar er organisert i ressursgrupper for heile avdelinga, dette gjeld spiseforstyrrelse, psykose, ambulant/akutt arbeid.
BUP Ålesund har eit aktivt gruppebehandlingsmiljø og bidreg til utvikling av mentaliseringsbaserte  gruppebehandlingsformer for ungdommar i Norge.Vi legg vekt på tett samarbeid med førstelinjetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgaver for desse er ei forventa arbeidsoppgåve.

Vi har ledig 2 overlegestillingar for spesialist i barne- ungdomspsykiatri på poliklinikken i Ålesund.  
Legane vil ha fast arbeidsstad og teamtilknyting til poliklinikken, men vi arbeider for eit felles fagmiljø i avdelinga og ein må vere merksam på at ein difor i periodar også kan få arbeidsoppgåver knytt til sengepost. Legespesialistar i Ålesund server bakvaktsordning knytt til akutt sengepost, og det medfører at deltaking i vakt er ei forventa arbeidsoppgåve. 
Akutt sengepost er ansvarleg for ø-hjelp-tilbodet i heile fylket. Vi har 10 sengeplassar, 8 av disse er akuttplassar og 2 plassar er for intermediære og utgreiingsopphald. Sengeposten er godkjent for mottak av pasientar til tvungen psykisk helsevern.

Arbeidsoppgåver

  • I poliklinikken utgreier og behandlar vi barn og ungdom med psykiske lidelsar innan aldersgruppa  0 – 18 år. Det er forventa at lege deltek i alle delar av pasientforløpet. Stillingane er knytt til geografiske generalistteam, og for desse stillingane vil det seie at målgruppa hovudsakeleg vil vere barn og ungdom over 6 år.
  • Deltaking i bakvaktsordning knytt til ungdomspsykiatrisk sengepost.
  • Deltaking i opplæring og vegleiing til anna helsepersonell (t.d. vegleiing/supervisjon til LIS).

Kvalifikasjonar

  • Vi ønskjer oss legar med fullført spesialisering innan barnepsykiatri
  • Søkjar som ikkje har fullført spesialisering kan og søkje
  • Den som blir tilsett må mestre norsk språk, muntleg og skriftleg
  • Det er krav om framlegging av politiattest før tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Søkjar bør ha evne og vilje til samarbeid og omstilling
  • Tilsette blir kontinuerleg involvert i fag- og organisasjonsutvikling og det blir forventa aktiv deltaking og sjølvstendig  initiativ i denne utviklingsprosessen
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innanfor avtalt arbeidstid
  • Søkjar vil bli del av eit tverrfagleg team i seksjonen, og personlege eigenskapar som passar for stillinga vil mellom anna bli vurdert mot evne til samhandling

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

    Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Byen med den vakre Jugendstilarkitekturen, er vidkjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teke ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit rikt kultur- og konsertliv, med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som berre ventar på å få begeistre deg, Les meir om byen og omland her: https://no.visitalesund.com/
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Inger Ann Berge
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70167200
E-post: inger.ann.berge@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk BUP Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Geilebergvegen 20
6017 Ålesund