Kort om arbeidsgiver

Vi har ledig 1 x 100% stilling som overlege/psykiater ved Akutt psykisk helse Ålesund. Oppstart etter avtale.

Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre består av 5 seksjonar: Akutt psykisk helse, Lokal sikkerhetspsykiatri HMR, Utgreiing og behandling, Alderspsykiatri og Spesialisert habilitering. Akutt psykisk helse har 12 døgnplassar. Seksjonen tilbyr oppstart av behandling i akutte fasar av alvorleg psykisk sjukdom. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet. Seksjonen er delt i to team, A og B.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. 

For meir informasjon om Ålesund: https://www.visitalesund.com/

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling/stabilisering av mennesker i akutt krise
  • Fagleg utviklingsarbeid, undervisning, rettleiing og tverrfaglig samarbeid
  • Individualterapi og pårørandesamtalar
  • Deltaking i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Vi ynskjer psykiatere med erfaring frå arbeid innan vaksenpsykiatri
  • Det er ynskjeleg med brei klinisk erfaring, eksempelvis innan psykisk helsevern, og/eller rusfeltet og arbeidserfaring frå sengepostar innan vaksenpsykiatrien
  • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Ein person som er nytenkjande og endringsorientert
  • Gode evner til å kommunisere, både med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Miljøskapar der det faglege- og sosiale miljøet kan vekse og utviklast
  • Vere ein lagspelar, men sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
  • Interesse for forbetringsarbeid/forskning innan akuttpsykiatri vektleggjast

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Rekrutteringstillegg
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Åse Helene Gjærde
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70106500
E-post: Ase.Helene.Gjerde@helse-mr.no
Navn: Perny Kristin Oksnes
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 70106500
E-post: Perny.Kristin.Oksnes@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Akutt psykisk helse Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund sjukehus
6026 Ålesund