Kort om arbeidsgiver
Førde legekontor er eitt av tre legekontor i kommunen, og er lokalisert i Førde ca. 10 min. køyring frå Sveio sentrum. Førde legekontor er eit veldreve legekontor med kompetent hjelpepersonell, og kor ein pr. dags dato har 2.200 listepasientar fordelt på 3 fastlegar, 2 kommunalt tilsette fastlegar og 1 fastlege i sjølvstendig næringsverksemd.

Då ein av dei kommunalt tilsette legane skal slutta, har me ledig 100% fast stilling som fastlege med fastlegeliste på 800 pasientar. I stillinga inngår og tilsynslegefunksjon på kommunen sitt omsorgssenter med 1 dag i veka. Stillinga er fastlønna.

Sveio er saman med 5 andre kommunar med i eit interkommunalt legevaktsamarbeid, og tilsett lege må pårekna deltaking i legevakt (inntil 3-4 vakter i månaden).

Om det er interesse for å inngå i kontorfellesskap som sjølvstendig næringsdrivande med avtaleheimel, så er det mogleg å ta kontakt for å diskutera ein slik løysing med gunstige betingelsar.
 
Kommunal tilsetjing med fastlønn skjer etter gjeldande regelverk, og med pensjonsordning i KLP.
Evt. tildeling av heimel og overdraging av praksis skjer iht. rammeavtale ASA 4310.
 
Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som lege med spesialisering i allmennmedisin. Legar utan spesialisering i allmennmedisin kan og søkja, då kommunen vil tilretteleggja for spesialisering i allmennmedisin (LIS 3)
  • Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Det blir stilt krav om politiattest i tråd med lov om helsepersonell
Oppstart: Etter avtale.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Sveio kommune
Kontaktperson
Navn: Tore Bøe Olsen
Tittel: Einingsleiar Helse- og rehabilitering
Telefon: 97410814
E-post: tore.boe.olsen@sveio.kommune.no
Arbeidssted
Førde legekontor
Leirskarvegen 10
5555 FØRDE I HORDALAND