Kort om arbeidsgiver

Ønsker du å jobbe på den medisinske avdelinga i Norge med den beste utsikta, dei beste kollegaene og drøssevis av fritidsmoglegheiter, i
Norges vakreste fylke?

Ved medisinsk avdeling i Molde har vi 6 ledige vikariat for Lege i spesialisering med utdanningsløp innan indremedisin.

Vi er ei avdeling i vekst og utvikling, derfor trenger vi flerie kollegaer. Medisinsk avdeling
er ei veldifferensiert avdeling som er godkjent for utdanning i generell
indremedisin, kardiologi, lungemedisin, fordøyelsessjukdom, hematologi, endokrinologi
og infeksjonsmedisin. Det er moglegheit for vidare LIS3 utdanning innan samtlige
av disse felta hos oss.

Vi er ei veldig hyggeleg og inkluderande medisinsk avdeling med kanskje Norges
beste utsikt. Sjukehuset er av perfekt størrelse. Lite nok til at alle kjenner
alle og kvardagslogistikken er god, men stort nok til at man ikkje får meir
ansvar enn man kan bere. Seksjonen satsar på fagleg kvalitet, utdanning,
aukande forskingsaktivitet, utvikling og godt arbeidsmiljø. Vi har blant anna
internundervisning med høg kvalitet, eit av landets kanskje beste medisinske
akutt team leia av LIS2/3 i vakt, tidleg og god opplæring i bruk av handholdt
ultralyd, penicillinallergipoliklinikk som har fått nasjonal oppmerksomheit,
antibiotikateam som stadig utviklar og forbedrar arbeidet vårt, eit tett og
godt samarbeid med andre seksjonar på huset, fredags-sjokoladepriser, god
humor, spreke kollegaer, og eit nytt sjukehus Nordmøre og Romsdal(SNR) i
utvikling og snart byggefase å sjå fram til.

3-delt vaktordning med LIS1 og LIS2/3 til stade heile døgnet.
Overlege i bakvakt som er heime på natt. 11-12-delt vaktordning for LIS2-3. Det
er sett av tid i plan til rettleiing og fordjuping.

Vi utlyser med oppstart 1.9.21, men ønsker helst å få tilsett nokon før den tid. Har du lyst/moglegheit til å starte hos oss tidligare så ber vi om at du tek kontakt så fort som mogleg.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling.
Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har
fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar
seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader

Les meir om Molde og Romsdalen her.

Arbeidsoppgåver

  • Gjeldande vaktordning. Her får du mykje ansvar, men i trygge rammer.
  • Du vil få rask opplæring i bruk av håndholdt ultralyd og i akuttprosedyrar.
  • Arbeid som LIS ved sengepost og poliklinikk.
  • Du vil få moglegheit til å rettleie og supervisere LIS1.
  • Ut ifra eigne interessefelt tilrettelegg vi så godt som mogleg for personleg fagleg utvikling, og det er store moglegheiter for å drive innovativt medisinsk arbeid hos oss. 

Kvalifikasjonar

  • Gjennomført LIS1-tjeneste
  • Mestre norsk språk, skriftlig og muntleg tilfredsstillande
  • Erfaring fra relevant stilling blir vektlagt
  • Utdanningsretning innan indremedisin er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Positiv
  • God til å samarbeide
  • Evne til å kommunisere og jobbe tverrfaglig
  • Du må vere glad i høgt tempo og varierte oppgaver
  • Ein god kollega
  • Personlige eigenskaper blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein inkluderande og triveleg arbeidskvardag
  • Eit sosialt og fagleg sterkt kollegium
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Moglegheiter for stor grad av fagleg utvikling
  • Norges finaste sjukehusutsikt
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ida Camilla Monn Birkhaug
Tittel: Konst. Seksjonsleder
E-post: Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 MOLDE