Volda kommune har ein fastlegeheimel som er ledig frå 1.november. Fastlegeheimelen er lokalisert til Volda legesenter. Volda legesenter ha 10 fastlegar og ein LIS1 lege. Det er i dag 650 innbyggarar på lista, men det er planlagt at lista vil få eit høgre listetak.

Volda kommune eig og driv Volda legesenter med kommunalt tilsett hjelpepersonell. Fastlegane leiger lokale og hjelpepersonell med kommunen. Fastlegane driv privat næringsverksemd med fastlegeavtale og til ei kvar tid gjeldande kollegial samarbeidsavtale for drifta av legesenteret.

Deltaking i interkommunal legevaktordning inngår i arbeidet med fastlegeheimelen og det kan bli aktuelt med kommunale allmennlegeoppgåver.

Økonomiske vilkår for overtaking av praksis blir etter avtale med noverande heimelseigar.

Kvalifikasjonar:
  • Godkjent utdanning som spesialist i allmennmedisin, alternativt er under spesialisering
  • Gode evner i norsk munnleg og skriftleg
  • Overtaking av fastlegeheimel føreset fremlegging av tilfredsstillande politiattest.
  • Positiv innstilling og fagleg engasjement.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
Vi tilbyr:
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt fagleg miljø med dyktige og positive kollegaer
  • Listestorleik og kommunal bistilling vil bli avtalt slik at arbeidsmengd vil vere høveleg
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Volda kommune
Kontaktperson
Navn: Inger Lise Kaldhol
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 98477079
E-post: inger.lise.kaldhol@volda.kommune.no
Arbeidssted
Volda legesenter
Stormyra 6
6100 VOLDA