Kort om arbeidsgiver

Vi har ledig fast stilling for overlege innan psykiatri.

Rehabilitering psykisk helse Hjelset har i dag 9 døgnplassar og tilbyr spesialisert utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med alvorlege psykiske lidingar. Vi tar kun inn pasientar etter søknad. Seksjonen er ein sengepost for rehabilitering med mogelegheit for lengre opphald og som i hovudsak skal drive med psykosebehandling. Vi tar imot pasientar som er dømt til behandling på grunn av samfunnsvern eller rusproblematikk. Vi tilstreber eit tverrfagleg fokus i møte med pasientane sine hjelpebehov. Behandling og rehabilitering skjer i nært samarbeid med kommune, ambulante tenester og andre aktuelle samarbeidspartnarar. Seksjonen har ei overlegestilling, ein LIS3, ein psykologspesialist, sosionom, vernepleiar, sjukepleiar, omsorgsarbeidar og pleieassistentar, helsesekretærar, teamkoordinator, fagkoordinator og seksjonsleiar. 

Vi har tett og godt samarbeid med akuttseksjonen som er samlokalisert i etasjen over. Overlege og psykologspesialist har faste samarbeidsfora med spesialistar på akutt og seksjonsleiar- og behandlarkontor for begge seksjonane ligg samla.

Arbeidsstad vil vere på Hjelset der det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal byggast. Som tilsett hos oss vil du delta i vidareutviklinga av seksjonen og prosessen med å utforme tilbodet vi skal gi ved oppstart i det nye sjukehuset. Målet vårt er å gi pasientane ei god og framtidsretta behandling og helseteneste.

For meir informasjon om vår region, sjå Visit Nordmøre og Romsdal.

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisk utgreiing og behandling
  • Individuell og tverrfagleg behandling 
  • Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse 
  • Internt samarbeid og rettleiing
  • Eksternt samarbeid og undervisning/ rettleiing  
  • Pårørandesamtalar  
  • Samarbeid med miljøpersonalet om miljøterapeutiske tiltak
  • Psykoedukasjon for pasientar og pårørande 
  • Deltaking i bakvaktsordning for overlegar 

Kvalifikasjonar

  • Overlege innan psykiatri 
  • Inneha norsk autorisasjon som psykiater   
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg, og ha god språkleg framstillingsevne
  • Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd
  • Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innen rettleiing
  • God fysisk og psykisk helse
  • Må ha førarkort klasse B  

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid
  • Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
  • Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø 
  • Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø 
  • Du har sans for ein diskusjon og har ein god porsjon humor 

 Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande overeinskomst. Rekrutteringstillegg.
  • Eit godt, triveleg arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne kollegaer
  • Varierte og utfordande arbeidsoppgåver innan eit fagfelt som er i utvikling
  • Studiepermisjon 4 mnd. kvart 5. år for spesialistar 
  • Internundervisning og gode moglegheiter for vidare- og etterutdanning
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Bente Midtbø Ødegård
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71123229
E-post: Bente.Midtbo.Odegard@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Rehabilitering psykisk helse Hjelset (Molde), Helse Møre og Romsdal HF
Opdølveien
6450 Hjelset
Søk på stillingen