Kort om arbeidsgiver

Vil du bli psykiater?
Om du brenn for å gje gode tenestar til pasientar med psykiske lidingar – så er me på jakt etter deg! Me har eit spanande fagmiljø
som gjer gode moglegheiter for fagleg utvekling og som verdset personleg
engasjement i faget.

Me ved Haugesund sjukehus og Haugaland DPS tilbyr saman ein
delt praksis som gjer god breiddekompetanse kor du gjennom spesialiseringsløp
kjem til å vere del av eit fagmiljø som gjer deg erfaring med tett samarbeid
med psykologar i vakt, samarbeidsflaten mellom psykisk helsevern og somatikk,
ambulant verksemd m.m.

Fagmiljøet vårt er robust og innovativt. Fleire av våre
kollegaer har formell forskerkompetanse, og bidreg i utvekling av nye
behandlingstilbod. Me kan gje deg eit komplett spesialiseringsforløp lokalt. Spesialiseringsforløpet
har ein struktur med felles undervisning på tvers av sjukehus og DPS`ar i Helse
Fonna.

Me er no i ein periode der laget skal styrkas og har fleire fast stillingar ledig. 

Intervju kan verte gjennomført fortløpande i utlysningsperioden

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver omfattar post og poliklinisk arbeid samt deltaking i vaktordning.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg på høgt nivå.

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Ingrid Camilla Aasbøe Heggland
Tittel: Seksjonsleiar, DPS
Telefon: (+47) 957 67 168
Navn: Heine Hagenberg
Tittel: Seksjonsleiar, spesialisert behandling
Telefon: (+47) 942 46 548
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
postboks 2170
5504 Haugesund
Søk på stillingen