Kort om arbeidsgiver
Arbeidsoppgåvene er vanleg allmennpraksis, deltaking i legevakt og kommunale oppgåver. Det er for tiden også ledig stilling institusjonslege og desse kan kombineres.

Tverrfagleg arbeid er sentral for oss og legekontoret er samlokalisert med ergo-/fysioterapi, helsestasjon og Frisklivssentral. Suldal sjukeheim, heimetenesta med bestillarkontor og psykisk helse ligg òg i nær tilknytting til legekontoret.

Det øvre listetaket for pasientar er 730. Suldal har tilsett seks legar og LIS1, og er ALIS Vest-kommune og legg til rette for spesialisering. Kommunen er eige legevaktdistrikt med 6-delt vakt. Deltaking i legevakt er obligatorisk.

Personlege eigenskapar vert vektlagt. Det er ønskeleg med erfaring innan allmennmedisin og frå legevakt. Det er venta at søkjaren har gode norsk kunnskapar, munnleg og skriftleg, har kjennskap til norsk helsevesen og være kvalifisert til å starte på spesialisering innan allmennmedisin. Søkjar må og ha norsk autorisasjon og gjennomført LIS1.

Dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold vert etterspurt ved innkalling til intervju.

Legekontoret kan hjelpa til med å skaffa bustad. Suldal kommune har god barnehagedekning, og det er gå-avstand til jobb.

For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng me engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag. Suldal kommune er ein lærande organisasjon, og har gode ordningar for kompetanseutvikling og vidareutdanning.

I vår kommune kan du kombinera ein periodevis hektisk jobb med eit kvardagsliv som gir deg rom for å kopla av både i naturen og i det urbane miljø. Suldal har ein spanande og variert natur, med alt frå lune fjordar til høge fjellområde og lokale toppar. Det er framifrå mogelegheiter for friluftsliv både sommar og vinter. Samtidig er det gode lokalmiljø og koselege sentrumsområde, og eit særskilt rikt og variert kulturliv. 
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Suldal kommune
Helse
Kontaktpersoner
Navn: Adriaan van Ruiven
Tittel: Einingsleiar Helse
Telefon: 45422697
E-post: adriaan.van.ruiven@suldal.kommune.no
Navn: Harald Bjarne Hellesen
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 911 67 506 / 52 79 23 00
E-post: postmottak@suldal.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Sand
Eidsvegen 5
4230 SAND
Søk på stillingen