Kort om arbeidsgiver
Ålesund kommune har ledig 100 % stilling som kommuneoverlege med snarleg tiltreding.

Det er auka nasjonale krav til kommunane sin kompetanse innanfor området samfunnsmedisin, og kommuneoverlegen har ei sentral rolle og er ein viktig rådgjevar og fagperson i utviklinga av kommunen
sine ansvarsområde innanfor m.a. folkehelse, smittevern og beredskap.

Kommuneoverlegane er organisert i seksjon for heilskapleg styring, i stabsområde Strategi-, samfunn og næringsutvikling. Rolla som kommuneoverlege krev god dialog og kontakt med kommuneleiinga,
helsefaga og dei øvrige fagområda i kommunen, samt med kommunen sine innbyggjarar.

Kommuneoverlegane er organisert i seksjon som i tillegg har ansvar for overordna planlegging og analysearbeid, strategisk folkehelsearbeid, miljøretta helsevern, helseberedskap, smittevern, psykisk helsevern og kvalitetsarbeid. Det er frå før 2 årsverk fordelt på tre kommuneoverlegar i seksjon.

Arbeidsoppgåver
Kommuneoverlegen sine roller er m.a. knytt til å :
  • Yte medisinsk-fagleg rådgjeving i kommuneorganisasjonen, ut mot eksterne verksemder, til legetenesta og ut til innbyggarane.
  • Leie det strategiske folkehelsearbeidet.
  • Bidra inn i kommunen sitt planarbeid på strategisk plannivå.
  •  Inngå i kommunen si kriseleiing, bidra innanfor helserett og i samhandlinga i helsetjenestene innad og mot spesialisthelsetjenestene. Utøve vedtaksmynde i forvaltning og hastesaker innanfor områder som miljøretta helsevern, psykisk helsevern og smittevern.
  • Bidra inn mot utvikling av fastlegeordninga og som resurs i rettleiinga/utdanninga av LIS1 og LIS3 legar.
Kommunen vektlegg tverrfagleg samarbeid internt og eksternt, og kommuneoverlegen har viktige oppgåver knytt til god samhandling.

Det er i samband med pågåande pandemisituasjon, oppretta særskilt vaktordning for smittevernberedskap for kveld/helg.

Endelig fordeling av arbeidsoppgåver mellom kommuneoverlegane i seksjonen, vil bli avklara i samarbeid mellom kommuneoverlegane og leiinga.
Det må påreknast beredskapsarbeid og ei viss tilgjengelighet ved krisesituasjonar ut over ordinær arbeidstid.

Kvalifikasjonar
  • Vi søkjer etter ein person med relevant fagkompetanse og engasjement, og som ønskjer å arbeide med spanande og varierte samfunnsmedisinske oppgåver.
  • Norsk legegodkjenning med gjennomført og godkjent LIS 1.
  • Det er krav om spesialisering i samfunnsmedisin – ferdig eller påbegynt.
  • Erfaring som lege i kommunehelsetenesta og innan samfunnsmedisin er ønskelig.
  • God kunnskap om norsk offentleg forvaltning.
  • Gode faglege kvalifikasjonar med god evne til å rettleie og samarbeide med andre.
  • Erfaring med bruk av digitale verktøy.
Personlege eigenskapar
  • Du engasjerer og interesserer deg for samfunnsmedisin og folkehelse.
  • Du ønskjer å være med å utvikle kommuneoverlegefunksjonen i ei helt ny storkommune.Du set høge standardar for faglig kvalitet og oppdaterer deg på faglig utvikling.
  • Du er sjølvstendig, fleksibel, systematisk og har ein pålitelig arbeidsstil.
  • Du har løysingsfokus og gjennomføringsevne.
  • Du har god framstillingsevne skriftlig og munnleg på norsk (bokmål og nynorsk), og god evne til samarbeid og kommunikasjon.
  • Du har god rolleforståing, innsikt i offentlig forvaltning og politiske prosessar, og tåler å stå i krevjande situasjonar, handterer press og utfordringar.
Vi tilbyr
  • Ein interessant og utfordrande jobb i en helt ny kommune i utvikling.
  • Varierande og spennande arbeidsoppgåver med gode utviklingsmuligheiter.
  • Samarbeid med dyktige kolleger i eit tverrfagleg miljø.
  • Tilsettinga skjer elles med vanlege offentlege vilkår, i samsvar med til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
  • Offentleg pensjonsordning.
  • Tiltreding og løn: Etter avtale
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Ålesund kommune
Seksjon heilskapleg styring
Kontaktpersoner
Navn: Olav Mestad
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 97528997
E-post: Olav.Mestad@alesund.kommune.no
Navn: Ingunn Osdal Stette
Tittel: Fagleiar Heilskapleg styring
Telefon: 90848980
E-post: ingunn.osdal.stette@alesund.kommu ne.no
Søknad
Søknad merkes: 4358461437
Arbeidssted
Keiser Wilhelms gate 11
6002 ÅLESUND
Søk på stillingen