Kort om arbeidsgiver
Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er knytt til Universitetet i Bergen, og forsking og utviklingarbeid står sentralt i vår verksemd. Avdelinga har stor breidde i si verksemd og vi greier ut og behandlar alle kategoriar augelidingar. Avdelinga har sengepost i Klinikk for Hovud/ Hals, dagkirurgisk og poliklinisk eining og operasjonsavdeling. Sengeposten har 6 døgnplassar. Her er både elektive innleggingar og ØH innleggingar.

Det blir ledig vikariater for Lege i spesialisering i inntil 12 månader ved Augeavdelinga frå august 2021. Det er moglegheit for forlenging. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.

Arbeidsoppgåver

  • Den som blir tilsett vil gå inn i primærvakt som for tida er 10-delt, og det er rotering mellom dei ulike seksjonane i avdelinga kvar 6. månad (7 ulike seksjonar)
  • Det vil vere ein kombinasjon av arbeid med inneliggjande og polikliniske pasientar
  • Vedkomande må ta del i undervising av legestudentar og anna helsepersonell

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i augesjukdomar
  • Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
  • Då Augeavdelinga er ei hektisk avdeling, vil vi leggje vekt på opparbeidd kompetanse og interesse for augefaget

Personlege eigenskapar

  • Vi vil leggje vekt på personlege eigenskapar som det å vere ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner, og evner til å arbeide systematisk og effektivt
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Bidra aktivt til det gode arbeidsmiljøet
  • Erfaring og interesse for forsking

Vi tilbyr

  • Teneste i ei høgspesialisert augeavdeling med gode moglegheiter til brei kompetansebygging
  • Rettleiing etter gjeldande avtalar samt eit særs godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode kollegaer!

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Frank Jenssen
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 93422078/ 55974104
E-post: frank.jenssen@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Augeavdelinga, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen