Kort om arbeidsgiver

Smertepoliklinikken ved Ålesund sjukehus tilbyr tverrfagleg utgreiing og behandling av pasientar med komplekse smerteproblem under leiing av anestesilegar med spesialkompetanse i smertebehandling. Teamet består av sjukepleiar, lege, fysioterapeut og psykolog. Smerteklinikken samarbeidar også med andre avdelingar på sjukehuset.
Overvektspoliklinikken ved Ålesund sjukehus er spesialisthelsetenesta sitt tilbod til pasientar med alvorlig fedme i Møre og Romsdal. Poliklinikken er organisert under kirurgisk avdeling,men tilbodet er tverrfaglig og endokrinolog, kirurg, klinisk ernæringsfysiolog, sjukepleiera og andre faggrupper deltar i pasientbehandlinga.                  Tilbodet omfattar utgreiing og oppfølging etter både kirurgisk og medisinsk behandling.

Smertepoliklinikken og Overvektspoliklinikken samarbeidar no om ein ettårig prosjektstilling for LIS-lege ved dei to poliklinikkane.                                                                Allmennlege som har behov for  sjukehustjeneste som ein del av si spesialisering vil bli prioritert , men lege med anna bakgrunn kan også søke. Stillinga  kan deles dersom deltid er ønskelig.

Oppstart i stillinga er 1.september 2021 eller etter avtale.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre
utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt
kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og
oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre
deg.Les meir om Ålesund og omland her

 

Arbeidsoppgåver

  • Polikliniske konsultasjonar ved dei to poliklinikkane under fagleg rettleiing
  • Tverrfaglege møter
  • Pasientopplæring ved Lærings- og mestringssenter
  • Moglegheit for å delta i forskning og fagutviklingsprosjekt
  • Bindeledd mellom primær- og spesialisthelsetjenesten

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode norskkunnskapar skriftlig og muntlig

Personlege eigenskapar

  • Engasjement for dei aktuelle pasientgruppene
  • Empati
  • God evne til pasientkommunikasjon og tverrfaglig samarbeid.

Vi tilbyr

  • Ein lærerik arbeidskvardag
  • Regionalt samarbeid og mogelegheit for hospitering ved tilsvarande poliklinikkar i regionen.
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Valborg A. Bakke
Tittel: Seksjonsleiar / Kirurgiske legar
Telefon: +47 70 10 50 00
E-post: Valborg.Anita.Bakke@helse-mr.no
Navn: Jorunn Sandvik
Tittel: Overlege
Telefon: +47 70 10 50 00
E-post: Jorunn.Sandvik@helse-mr.no
Navn: Tove Pettersen Heger
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: +47 70 10 50 00
E-post: Tove.Pettersen.Heger@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgiske legar Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillingen